Resultatet for to av prøvane blei kjent i går, mens dei fem andre resultata blei klare torsdag føremiddag.
Ifølge St. Olavs Hospital sine heimesider er det gjort prøvar av sju personar. Alle har testa negativt på den frykta svineinfluensaen som har tatt livet av sju personar i Mexico og gjort over 180 sjuke.
- Kvinne født 1961, har vore på reise i Mexico
- Mann født 1962, har vore på reise i Mexico
- Kvinne født 1959, har vore på reise i Karibien
- Mann født 1987, vore på reise til Hawaii og Los Angeles
- Mann født 1949, vore på reise i Mexico
- Mann født 1976, vore på reise til New York
- Gut født 2007, vore i kontakt med personar som har besøkt Mexico
Spørsmål om tid
Helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen trur svineinfluensaen sakte med sikkert kjem til Norge også.
- Det er sannsynleg at svineinfluensaen kjem til Noreg. Det er meir eit spørsmål om når, enn om korvidt den vil komme, seier helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hanssen på ein pressekonferanse i dag.
Les også:
Ikkje bli redd
Statsråden understreka at folk ikkje må bli for redde sjølv om svineinfluensaen kjem til Noreg.
- Samfunnet må gå rundt. Folk må ikkje bli så redde at dei let vere å gå på jobb trass i at dei ikkje er sjuke, seier Hanssen.