Hopp til innhold

– Blir ikkje fakkeltog for å få Krekar til bygda

– Det blir ikkje noko folkekrav om å få Krekar hit til Kyrksæterøra, seier ordføraren i Hemne etter at det vart kjent at den kurdiske opprørsleiaren truleg blir verande i fengsel på Austlandet.

ståle vaag

Ordførar i Hemne, Ståle Vaag, har det greitt sjølv om ikkje Krekar kjem til kommunen likevel.

Foto: Sundgård, Henrik / NTB scanpix

Kyrksæterøra trafikkskilt

Krekar skulle tvangsflyttast til Kyrksæterøra i slutten av januar. Slik gjekk det ikkje.

Foto: Sundgård, Henrik / NTB scanpix

Torsdag vart det kjent at politiet vil halde Krekar i varetekt fram til ein ny rettssak for trugsmål. Dermed blir vedtaket om å tvangsflytte han til Kyrksæterøra i Hemne, neppe sett ut i livet.

I staden kjem Krekar truleg til å bli i Kongsvinger fengsel ut året og eit stykke inn i 2016, skriv Aftenposten.

– Greitt om han blir sittande i varetekt

Ordføraren i Hemne, Ståle Vaag, er ikkje lei seg for den beskjeden.

– Vi klarer oss kjempegodt utan at Krekar kjem hit, seier han.

Kommunen har apparatet for å ta imot han på plass. Det står eit hus klart, og det lokale lensmannskontoret er klare for å ta imot han tre gonger i veka.

– Men det er heilt greitt om han blir sittande i varetekt på Austlandet. Det blir ikkje noko fakkeltog for å få han hit. Det er ikkje noko folkekrav, seier Ståle Vaag.

Sikta for nye trugsmål

20. januar kom beskjeden om at Krekar skulle tvangsbusettast på Kyrksæterøra i Hemne. Det kom som ei stor overrasking både på ordføraren og innbyggjarane elles.

Krekar, eller Najumuddin Faraj Ahmad, som han eigentleg heiter, er no sikta for å ha kome med trugsmål som er nesten identiske med dei han vart dømt for i 2012. Da fekk han fengselsstraff i to år og ti månader.

Har ikkje brukt av kommunekassa

Ordføraren i Hemne seier at dei ikkje har brukt kommunale pengar på arbeidet med å leggje til rette.

– Vi har ikkje brukt mykje pengar på denne prosessen. Det har vore nokre infomøte, og vi har gjort det som har vore naudsynt. Men vi har ikkje brukt pengar av kommunekassa til ekstraordinære tiltak for å bu oss på å få hit Krekar.