Hopp til innhold

Held Krekar-kostnader «hemmelege»

KYRKSÆTERØRA/OSLO (NRK): Asylmottaket i Sør-Trøndelag som skal ta imot mulla Krekar vil ikkje svara på kva det kjem til å kosta å gje mullaen mat og tak over hovudet. Ifølgje UDI kostar ein mottaksplass i snitt 135.000 kroner i året.

Jarlen mottakssenter

Her på Jarlen mottakssenter i Sør-Trøndelag skal mulla Krekar bu etter at han slepp ut frå fengsel søndag.

Foto: Søvesten Media AS

Vedtak Krekar

Oslo politidistrikt sitt vedtak om meldeplikt og opphaldsstad for Krekar.

Foto: Oslo Politidistrikt

Tysdag kom vedtaket frå Oslo politidistrikt som slår fast at mulla Krekar skal tvangsflyttast til den vesle bygda Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag når han slepp ut frå fengselet søndag.

Tidlegare har mullaen budd i ei kommunal bustadblokk i Oslo saman med familien sin. Frå og med søndag skal han bu på Jarlen asylmottak, med meldeplikt og forbod mot å bevega seg utanfor kommunegrensa.

Mottaket blir drifta av Hero, men det er Utlendingsdirektoratet (UDI) som betalar rekninga. Ifølgje UDI kostar ein mottaksplass i gjennomsnittet 135.000 kroner i året.

– Kostnadene relatert til dette vedtaket aukar dersom politiet har behov for ekstra tryggingstiltak. Me har ingen informasjon rundt dette, seier presserådgjevar i UDI Jon Olav Kroken.

«Hemmeleg»

Onsdag skal leiaren av asylmottaket, Herbjørn Jenssen, i møte med politiet, ordføraren og UDI om Krekar på det lokale lensmannskontoret. Samstundes har mottaksleiaren fått beskjed om at han snart får ein risikoanalyse frå Politiet si tryggingsteneste (PST), som tidlegare har konkludert med at Krekar er ein trugsel mot tryggleiken til riket.

Då NRK snakka med Jenssen onsdag føremiddag visste han ikkje kva Krekar ville kosta. Han ønskjer heller ikkje å gje ut slike opplysningar, ettersom Hero konkurrerer med andre om asyl-anbod frå UDI.

– Det har eg ikkje den fjernaste aning om. Det er ingen som har fortalt meg om det skal vera ekstra tryggingstiltak, kor mykje og alt mogleg slikt, seier Jenssen.

Men at Krekar blir dyrare enn ein gjennomsnittleg bebuar, er han ganske sikker på.

– Summen blir truleg høgare enn 100.000 kroner, opplyser mottaksleiaren.

Jarlen mottakssenter på Kyrksæterøra, hvor mulla Krekar skal tvangsflyttes til

NRK fekk tysdag omvisning på Jarlen mottakssenter på Kyrksæterøra, som etter planen skal bli mulla Krekar sin nye bustad.

Vasking og førebuing

Jenssen fortel om massiv pågang frå media i løpet av det siste døgnet. Sjølv tek han det heile med knusande ro og er ikkje særleg overraska over at Jarlen asylmottak har fått så lite informasjon, berre dagar før Krekar flyttar inn.

– Det er heilt normalt. Vanlegvis får eg veta namn, kjønn, nasjonalitet og språk dagen før ein bebuar kjem til oss. No veit eg jo mykje meir, seier Jenssen.

Mottakssenteret har totalt 209 plassar. Bueiningane er fordelt på over 20 leilegheiter og blir omtalt som «spesielt godt tilpassa barnefamiliar».

– Me førebur oss på at han kjem søndag. Me er klare for å ta imot han då. No vaskar og klargjer dei tilsette staden der Krekar skal få plass, fortel Jenssen.

AKTUELT NÅ