Hopp til innhold

Høgre dobbelt så store i Trondheim

Medan Høgre held fram med å vinne oppslutning i Trondheim, mister Arbeidarpartiet stemmer til fleire kantar. Det viser ei ny meiningsmåling.

Emil Raaen (Ap) og Kent Ranum (H)

KAMPEN OM TRONDHEIM: Både Emil Raaen (Ap) og Kent Ranum (H) er ordførarkandidatar i Trondheim kommune, men slik det ser ut no treng dei begge samarbeidspartnarar for å sitje med makta i Trondheim.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Nei no blei eg nesten litt audmjuk og rørt. Det gjev jo ein fantastisk motivasjon.

Det seier ordførarkandidat for Høgre, Kent Ranum, då han får høyre tala frå den siste meiningsmålinga i Trondheim som Norstat har utført for NRK og Adresseavisen.

Etter den siste kommunemålinga har Høgre ei oppslutning på 33,4 %.

Dette er ei ytterlegare auke for partiet sidan sist meiningsmåling i november på 28,5 %.

Det betyr at Høgre er dobbelt så store som Arbeidarpartiet i Trondheim.

– Det er viktig å understreke at det er jo berre ei måling, og ikkje eit resultat. Men det gjev som sagt ein vanvettig inspirasjon til å stå på vidare saman med dei andre rundt meg i Høgre, legg Ranum til.

Partibarometer Trondheim mars 2023

PartiOppslutningEndring
33,4%
+12,8
16,6%
−8,4
14,6%
+3,3
10,8%
+3,9
8,9%
−1,5
5,5%
+0,6
3,8%
−1,3
2,2%
+0,2
1,3%
−5,8
1,2%
−3,6
0,9%
−0,8
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 597 intervjuer gjort i perioden 14.3.23–20.3.23. Feilmarginer fra 0,9–5 pp. Kilde: Norstat for NRK og Adresseavisen

Endringane for partia er målt mot valet i 2019.

Arbeidarpartiet fell ytterlegare

I november hadde Arbeidarpartiet ei oppslutning på 21,5 %, medan dei no i mars er nede på 16,6 %.

– Me synest jo det er alt for dårleg og me skal jo opp på meiningsmålingane. Eller endå viktigare, at me skal gjere det endå betre i valet, seier ordførarkandidat i Arbeidarpartiet, Emil Raaen.

Men det er ikkje berre til Høgre at Arbeidarpartiet mister stemmer.

Både Raudt og SV veks på målingane i kommunen, med høvesvis 10,8 % og 14,6 %.

– Når tala viser at me er nesten like store som Arbeidarpartiet så er det openbert ein ting som ligg på bordet. Me er klar til å ta det ansvaret dersom det skulle bli resultatet.

Det seier Mona Berger i Trondheim SV. Ho er ordførarkandidat og det er ei rolle ho er klar for å fylle.

Mona Berger, varaordfører Trondheim

– Det at Høgre gjer det godt no, motiverer jo berre til å stå på ekstra inn mot valet, seier ordførarkandidat i SV Mona Berger.

Foto: Bent Lindsetmo

Held døra open for alle

For å få fleirtal i kommunestyret er ordførarkandidatane avhengig av samarbeid med andre parti.

Roald Arentz (Rødt)

Roald Arentz i Trondheim Raudt blei overraska då NRK ringde og fortalde om oppslutninga til partiet: – Oj, eg tenkte det var bra sidan du ringde, men det var jo veldig bra, sa politikaren.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

– Me vil strekke oss eit godt stykke for å unngå at Høgre får ordførarmakta i Trondheim. Så me er innstilt på å samarbeide med dei andre partia på venstresida, seier Roald Arentz i Trondheim Raudt.

Og sjølv om Berger i SV stiller som ordførarkandidat, er dei open for samarbeid på venstresida uavhengig av om ho endar i rolla som ordførar eller ikkje.

– Det er ikkje posisjonen i seg sjølv som er avgjerande for oss, men det er klart at me går til val med ein ordførarkandidat, ønsker oss den posisjonen og er oppteken av at me er dei rette folka til å styre byen vidare, fortel ho.

På høgresida håpar Ranum at partia det vil vere naturleg for dei å samarbeide med, gjer det best mogeleg i valet til hausten.

– Eg har vore tydeleg på det, frå dag ein, at Venstre, Frp, Pensjonistpartiet, men også Senterpartiet, KrF og MDG er parti det vil vere heilt naturleg for oss å halde døra open for.

– Både Ap og Høgre treng hjelp

Politisk kommentator i NRK Trøndelag, Linda Bjørgan seier det er eit ope spørsmål kven som får ordføraren i Trondheim etter haustens val.

Linda Bjørgan

Politisk kommentator i NRK Trøndelag, Linda Bjørgan.

Foto: Stein Roar Leite

– Dersom Høgre fortsett framgangen og Ap fortsett tilbakegangen fram mot valet, er det duka for Høgre-ordførar. Dersom meiningsmålinga blir valresultatet, blir det ein hestehandel med alle dei andre partia for å få til fleirtal. Og mange held døra ope, her er ingen ting avgjord.

– Det er framleis raudgrønt fleirtal i Trondheim, men venstresida er blitt raudare og då kjem det an på om Ap vil svelgje Raudt-kamelen i kampen om ordførarvervet. Trondheimsvalet er meir spennande enn på veldig lenge, seier Bjørgan.

Mandatfordeling Trondheim

Mandat regnet ut frå meiningsmålinga for mars med dagens mandat i bystyret i parentes. Det er til saman 67 mandat til fordeling i Trondheim bystyre.

  • Arbeidarpartiet: 11 (17)
  • Framstegspartiet: 3 (4)
  • Høgre: 23 (14)
  • KrF: 1 (1)
  • Raudt: 7 (5)
  • Sp: 1 (5)
  • SV: 10 (8)
  • V: 4 (3)
  • MDG: 6 (7)
  • PP: 1 (3)

Les også Marianne (19) kan bli landets yngste ordførar

Marianne Rossevatn

Høgre veks også i Trøndelag

Også på fylkesmålinga for Trøndelag er det Høgre som veks mest i oppslutning og har 25,9 %. Det er mot Ap med 21,4 %, Sp med 15,9 % og SV på 10 %.

– Det er lenge igjen og dette er berre ei måling, men på akkurat denne målinga verkar det som veldig mange har mest lyst til at Høgre skal ta styringa av Trondheim og det er eg audmjuk takknemleg for, seier Ranum.

Begge ordførarkandidatane let seg motivere av meiningsmålinga og er klar for å setje inn støyten, og trur det blir ein spennande valkamp mot valet 11. september.

– På ein rar måte så blir me jo motivert av meiningsmålinga fordi me veit at me har god politikk og me er nøydde til å kome oss ut og få snakka med veljarane. Både om kva dei er oppteken av, og om våre løysingar, seier Ranum.

Partibarometer Trøndelag mars 2023

PartiOppslutningEndring
25,9%
+11,0
21,4%
−8,5
15,9%
−5,4
10,0%
+2,7
5,5%
−1,3
5,2%
+0,7
5,0%
−0,2
4,6%
+1,6
2,7%
+0,2
1,3%
−1,9
1,9%
+0,5
Klikk på partisirkelen for å se hele partinavnet. Basert på 587 intervjuer gjort i perioden 14.3.23–20.3.23. Feilmarginer fra 1,3–4,5 pp. Kilde: Norstat for NRK og Adresseavisen

Endringane for partia er målt mot valet i 2019.

Høyr kommentatorane våre om kva landsmøte som er det mest morosame, og kva som er det kjedelegaste, i vår nye podkast her: