Branntomta var søndag eit gapande, rykande sår.
Erstatningsoppgjeret etter bybrannen i Trondheim laurdag blir truleg det største i Trondheims historie. Samstundes auker kritikken mot brannberedsskapen i den historiske byen.
Enorme skadar
Eit kolsvart, rykande, gapande sår midt i hjarta av Stiftsstaden, Trondheim. Med dagsljoset søndag fekk trondheimarane den grufulle oversikten, eit heilt kvartal med trebygningar er lagt i grus.
Pål Hestegrei er skadesjef i Gjensidige NOR Forsikring:
- Dei foreløpige estimata som vi har gjort viser at vi har skadar på mellom 150 og 200 millionar kroner. Det gjeld både gardar, butikkar og avbrotsforsikringar, seier Hestegrei.
Det ryk framleis av brannruinane.
Gjensidige Nor hadde flesteparten av forsikringstakarane som laurdag blei ramma av bybrannen. Men fleire selskap er involvert. Rekninga passerer nok 250 millionar kroner, ein kvart milliard:
- Ja, det er ikkje umogleg at vi får slike tal. Viss dei andre selskapa har mellom 50 og 100 millionar er det klart at vi passerer slike tal, så det er store verdiar, seier Pål Hestegrei.
Forferdeleg syn
Administrerande direktør i Trondheim Næringsforening Gunn Kari Hygen er rysta over synet som møtte henne søndag:
- Det er heilt skrekkeleg, eit forferdeleg syn. Når eg ser dette i dagsljos, at noko slikt kan skje i det 21.århundre, det er heilt forferdeleg, seier Hygen.
Næringsforeningen eig den største bygninga som blei øydelagt i Trondheim laurdag, Handelstandens hus. Tre av etasjane er brannherja, resten av bygget massivt skadd av vatn:
- 43 millionar er fullverdisummen, pluss innbo på fleire millionar kroner. Vi har malerisamlingar, i tillegg vi har mykje andre gamle fine samlingar, så samla er det snakk om bortimot 50 millionar kroner, seier Hygen.
Varslar oppvask
Mange trondheimarar spør seg dagen derpå korleis dette er mogleg, korleis ein brann i ei frityrgryte kan utslette eit heilt bykvartal. Dei næringsdrivande varslar oppvask med ordføraren allereie i morgon, seier administrerande direktør Gunn Kari Hygen:
- Vi er nødt til å gå systematisk gjennom kvifor ein ikkje klarte å stoppe ein brann i eitt hus på denne måten raskare. Vi har eit møte på ordførarens kontor allereie mandag klokka 14.00. Det er klart at ein slik brann får etterspel, seier Hygen.