Hopp til innhold

Frivillige brettar opp ermene for ny innsats: – Kan ikkje gje oss no

For å få opp tempoet i vaksinasjonen og testinga, mobiliserer no både Forsvaret og frivillige organisasjonar.

Ole Andreas Dvergsnes fra Sivilforsvaret i gang med testing

SIVILFORSVARET HJELPER TIL: Murar Ole Andreas Dvergsnes er ein av dei som no hjelper til med koronatesting.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

Noreg har den kraftigaste smitteauken i Europa, og kommunane skal no intensivere vaksinasjonen med boosterdosane. I tillegg er det eit stor behov for testing.

Helsedirektør Bjørn Guldvog oppmodar kommunane til å gå i dialog med den frivillige innsatsen for å kartleggje moglegheita for bistand.

Fleire frivillige organisasjonar rustar seg no til å hjelpe til med testing og vaksinasjon.

– Det går ganske i eitt.

Det seier Ole Andreas Dvergsnes, som har blitt kalla inn av Sivilforsvaret til å hjelpe til med testing i Kristiansand kommune.

Set boosterdosar

Forsvaret er blant aktørane som skal hjelpe til i sjølve vaksinasjonen.

I Trondheim dei Forsvaret om hjelp til å vaksinere innbyggarane.

– Vi har skissert behov for 20 sanitetspersonell til å sette oppfriskingsdosar, seier kommunedirektør i Trondheim, Morten Wolden, til VG.

Torsdag meldte fylka sine beredskapssjefar til Helse- og omsorgsdepartementet kva behov dei har for støtte frå Forsvaret. Blant storbyane var det førebels berre Trondheim som takka ja, ifølge avisa.

Sjefen for Nord-Hålogaland Heimevernsdistrikt HV-16, Jon Ivar Kjellin, seier dei er klare til å hjelpe dei kommunane som treng det.

– Vi har allereie etablert laga, og dei står på 24-timars beredskap. Det vil gjerast etter oppmoding og koordinering med statsforvaltar, seier Kjellin.

Laga som skal hjelpe er allereie sett saman, og vil bestå av både sjukepleiarar, legar og soldatar.

Dei skal i utgangspunktet sørgje for at befolkninga får den siste boosterdosen.

– Og så er vi klare til å hjelpe det sivile samfunnet til kvar tid eigentleg, så lenge det ikkje går utover operativiteten til Forsvaret då, seier Kjeliln.

Tekstmelding fra Forsvaret.

Denne tekstmeldinga har Forsvaret sendt ut for å kartleggje mannskap i Nord-Noreg.

Foto: Privat

Sivilforsvaret hjelper til med testing

Kristiansand kommune har bede Sivilforsvaret om bistand.

Distriktssjef for Vest-Agder Sivilforsvarsdistrikt Ingrid Mæhre, fortel at dei har kalla ut rundt 100 personar, men at ikkje alle har moglegheit til å stille.

– Vi endar opp med i overkant av 60 totalt.

Ole Andreas Dvergsnes er ein av dei som har blitt kalla inn.

Dvergsneis jobbar til vanleg som murar, men er no sett til å bryne seg på koronatesting.

– Dette blir jo noko heilt anna enn det eg driv med til dagleg. Det blir så ein går inn i ei boble og berre gjer det ein skal gjere, seier han.

Distriktssjef for Vest-Agder Sivilforsvarsdistrikt Ingrid Mæhre

Ingrid Mæhre er distriktssjef for Vest-Agder Sivilforsvarsdistrikt, som no har kalla inn 100 personar til å hjelpe.

Foto: Asbjørn Odd Berge / NRK

– Krevjande

Norske Kvinners Sanitetsforening har blitt bedne om å stå i teneste for kommunane fram til påske.

Foreininga fekk tidlegare i år frivilligheitsprisen for innsatsen knytt til vaksinasjonsstasjonane.

– Vi er definitivt villige til å stå på, men det er krevjande å stå vakter i romjula, helger og søndag ettermiddag når dei fleste et middag med familien, seier Grete Herlofson i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Andre har gitt seg

– Vi kan ikkje gje oss no, seier Gunnveig Skjetlein (72).

Ho er leiar for dei frivillige sanitetskvinnene på Sluppen vaksinesenter i Trondheim. Dette er det største vaksinasjonssenteret i Noreg.

Sanitetskvinnene på Sluppen har bidrege til at vaksinasjonen kan gjennomførast, ved å koke kaffi, reingjere pauserom og toalett.

60 sanitetskvinner har bidrege med å få hjula til å gå rundt på Sluppen.

Skjetlein fortel at det er nødvendig at sanitetskvinnene held fram med å ta i eit tak.

– For det er andre frivillige organisasjonar som har gitt seg på Sluppen, så då trengst vi ekstra mykje, vil eg tru, seier ho.

Norske Sanitetskvinners forening bidrar med hygiene på Sluppen.

Skjetlein og dei andre sanitetskvinnene bidreg med reingjering og kaffikoking.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Mange treng ferie

Norsk Folkehjelp er òg innstilte på å fortsette å hjelpe helsevesenet.

Erlend Aarsæther, seksjonsleiar Førstehjelp og redningsteneste i Norsk Folkehjelp, fortel at situasjonen er krevjande for dei frivillige:

– Vi går inn i ein juleferie der mange treng ferie fordi dei har stått på lenge, seier han.

Også Noregs Røde Kors er klare for å ta i eit tak, og vil prøve å mobilisere så mange av sine 40.000 frivillige, der det er behov.

– Vi vil halde fram med å tilby bistanden vår, særleg med praktiske forhold rundt vaksinasjon. Særleg for å unngå at andre helsetenester blir minka, seier Anders Thorheim, einingsleiar for samfunnstryggleik og beredskap i Noregs Røde Kors.