Hopp til innhold

Heidrar ulovlege songar frå krigsåra

Bandet «Gutta på skauen» og Luftforsvarets musikkorps heidrar frigjeringsjubileet med illegale songar frå krigsåra.

Luftforsvarets musikkorps i nye uniformer.
Foto: Luftforvarets musikkorps.

Illegale songar frå ein forboden songkonkurranse blir i desse dagar sett opp på tre scener i Midt-Noreg. Dei ulovlege songane vart til under krigen, og vart skrivne av motstandsfolk, revyforfattarar og folk flest.

Tyskarane la igjen notar

Gutta på skauen

Bandet ' Gutta på skauen' har gitt ut CD med illegale songar frå krigsåra. F.v Svein Olav Blindheim, Fredrik Øie Jensen og Per Vollstad.

Foto: Gutta på skauen

– Det me spelte no var Lili Marlene marsj. Den har ein litt spesiell bakgrunn. Marsjen er ifrå det tyske militærkorpset sine arkiv. Det tyske militærkorpset var stasjonert i Åsenfjorden saman med slagskipet Tirpitz. Då dei drog derifrå la dei igjen ein del notar og mykje av det er veldig flott, seier musikar Kristin Leiland med tonane av marsjen i bakgrunnen.

Ho er musikar i konsertklare Luftforsvarets musikkorps. Men det blir meir enn berre musikk under konsertane. Bandet «Gutta på skauen» skal framføre songane.

– Me vil gjerne vise fram mangfaldet i musikklivet under krigen.« Gutta på skauen» framfører det eg vil kalle revyviser med gode og morosame tekstar, og mykje av det er også skrive av gutane på skauen. Dei som låg i skjul på fjellet, fortel Leiland.

Milorgs songkonkurranse

– Det heile byrja for 4–5 års sidan, då eg fekk spørsmål om eg kunne tenke meg å spele inn songen som vann Milorgs songkonkurranse hausten 1944. Eg hadde ikkje høyrt om konkurransen, som kåra den beste partisanarsongen. Premien var 1 kilo tobakk frakta frå Storbritannia med fly, fortel songar Per Vollestad i «Gutta på skauen».

Luftforsvarets musikkorps
Foto: Forsvaret

Ideen til prosjektet gav meirsmak. Først kom CD-en «Illegale songar» ut og så revykrigen. No er dei klare for konsert igjen.

« E'kke hatten min flott? Tenk den har jeg fått for en halv kilo leverpostei! Jeg har daglig notis i hver morgenavis. Har de no de vil bytte med meg?»

– Det er jo først og fremst unge gutar, som låg i skauen og ikkje visste kva framtida ville kome med, som skreiv songar fulle av motstandsvilje og sinne, held Vollestad fram.

« Jeg går langt for ei kringle med rosiner i å ei skinke på si. Hvor langt går de?»

Her fekk du utdrag frå teksten til songen « Byttevise». Ein song skriven av Arild Feldborg og Bias Bernhoft.

Det blir konsertar i Trondheim, Levanger og Batnfjordsøra i Gjemnes kommune på Nordmøre.

Troll fanger fly

Luftforsvarets musikkkorps skal saman med 'Gutta på Skauen' heidre Frigjeringsjubileet.