Hopp til innhold

Hadde englevakt i Oppdalsfjella

– Berre flaks at vi ikkje vart begravd, seier to unge trønderar. Den eine vart med raset dei utløyste i Oppdalsfjella sist helg.

Slik såg det ut etter at to unge gutar utløyste eit skred i Oppdalsfjella sist helg. Gutane var redde og skalv av frykt etter opplevinga.

– Vi sto 20 meter unna hverandre så jeg ropte at det sprekker opp, sa den eine av dem.

Så ber det nedover. Det går ikkje så fort i starten. Han som blir med skredet snur seg. Da ser han at kameraten ikkje er tatt, og står igjen lenger oppe.

Så går det berre fortare og fortare.

– Eg hadde ingen kontroll. Det var ingen ting å stille opp med.

Blei ført 600 meter

mann i snøskred Oppdal

Her kan han som vart med raset skimtas på toppen av det, da det hadde lagt seg til ro.

Foto: privat

Mens ein stod att, segla den andre i veg, utan at han kunne kontrollere noko som helst. Han kunne berre håpe at alt ville gå bra.

Kameraten vart med 600 meter nedover. Til alt hell og på merkeleg vis, hamna han ikkje under snøen.

Heldigvis var ikkje skråninga dei hadde stansa i stupbratt, og raset segla i veg i ei heller slak fjellside. Berre heilt nederst der raset rausa fram, var det ei kneik ned som gjorde terrenget brattare. Så knustes skredet i dalbotnen.

Han som stod igjen lenger oppe, såg at det var lite snø på eine kanten av skredet. Der stakk det opp vegetasjon og småtre. Han valde den vegen nedover, for han måtte ned og sjå etter kameraten.

Skredsøker er festet på kroppen under jakka. På veg ned visste han at han måtte vere klar til å starte å grave etter vennen. Men da han kom ned, såg han til alt hell kompisen borte i raset.

Den andre hadde unngått å bli gøymt i skredet, og kom merkeleg nok heilt utskadd frå det heile. Ei ski og ein stav var vekke, men elles hadde alt gått bra.

Var på topptur til Gjerdhøa

Dei to var i området ved Gjerdhøa, fem kilometer innover i Storlidalen, vest i Oppdal denne dagen, som dei seint kjem til å gløyme.

Da skredet vart utløyst, stod dei 20-30 meter frå kvarandre, så det var veldig tilfeldig at den eine vart med raset, og den andre ikkje.

Snø som betong

Dei to innser at dei har vore svært heldige, og sjølvsagt først og fremst han som rei med raset ned. For snøen var som betong, veldig vassmetta og tung.

Kameratane var fullt på det reine med at det var skredfare i området der dei gjekk, og dei merka at snøen var ustabil også før dei utløyste raset. Farenivået var denne dagen registrert til 3.

Lokalkjente i Oppdal

Snøskred Oppdal

Mektige krefter vart uløyste i raset i Oppdal sist helg.

Foto: privat

Begge dei to skiløparane er frå Oppdal og godt kjente i fjella omkring.

– Var det ikkje litt uforsvarleg å legge ut på denne turen?

– Eg vil ikkje seie det, meiner han som ikkje vart tatt av raset. Men det er klart det er skredfare når du går i slikt terreng, slik vinteren har vore.

Vi er heller ikkje ekspertar. Vi har stått på ski på Oppdal frå vi var i barnehagen, men er ikkje fagfolk på skred.

– Men det var også mange spor i fjellet og mykje folk som hadde gått der 2-3 dagar før.

Dei to har heller aldri utløyst skred når dei har gått på toppar tidlegare.

Rysta etterpå

Det påverkar oss, ja, innrømmer der.

– Er de redde for neste tur?

– Ikkje redde, men sett i ettertid og ut frå at alt gjekk bra, er det viktig å ta forhåndsreglar, alltid ha med skredsøkar og utstyr. Men det blir aldri heilt trygt, det veit vi. Men vi kjem til å vere forsiktige i framtida.

Ungdomar som utløyste snøskred i Oppdal

Opplevinga sist helg sitt sterkt i dei to ungdommane.

Foto: Mette Lykke Kiønig Vollan / NRK

– Eg kjenner på det, seier han som segla si ferd på skredet. Eg blir ikke skikkeleg religiøs, men det set ting i perspektiv.