Hopp til innhold

Gler seg til vinter med skiløype

– No er eg glad, eg gler meg til ein vinter med skiløype igjen inn til Gjevilvasshytta. Det seier vertinna på hytta, Randi Horghagen, etter at dei som heller vil brøyte vegen har tapt i retten.

Skispor kjøres opp innover Gjevilvassdalen

Denne vinteren er skispor blitt køyrt opp innover mot Gjevilvasshytta igjen.

Foto: Privat

Det har vore ein årelag strid om brøyting eller ikkje av den vel 8 km lange vegen inn til Gjevilvasshytta – ei av dei mest populære hyttene til Trondhjems turistforening.

Det har vore skiløype langs vegen sidan 70-talet, men i fjor vinter vart vegen brøytt, etter at fem grunneigarar fekk medhald i krav om brøyting i jordskifteretten i 2014.

Brøyta vegen – nedgang i besøket

– Det vart ein vinter der vi merka kraftig nedgang i besøket. Utan den tradisjonelle skiløypa vart det 30 prosent nedgang på overnatting og endå meir på dagsbesøk, seier vertinne Randi Horghagen.

Men no er ho glad.

For Sør-Trøndelag tingrett har nyleg avsagt dom der det blir sett bort frå avgjerda i jordskifteretten, skriv avisa Opp. I staden gir retten veglaget som driv vegen rett å stengje denne vinterstid, for å leggje til rette for skiløype.

Striden om skiløype i Gjevilvassdalen i Oppdal hardner til. På den ene sia står fem grunneiere som har rettens medhold i at de kan brøyte veien hvor det i årevis har vært ei populær skiløype. Nå har lokalsamfunnet samla inn nesten tre tusen underskrifter for å presse på for fortsatt skiløype.

Se Midtnyttsaken om underskriftsaksjonen frå februar 2016.

Gler seg over skiløype

– Dette er veldig flott for oss.Dette er dei lettaste 8 kilometrane å gå på ski i Oppdal, og alle greier å gå hit, seier vertinna på Gjevilvasshytta Randi Horghagen og gler seg til ein skiløype-vinter med mykje folk på hytta igjen.

Ho hadde sist torsdag fullmånetur inn til hytta med 250 gjester langs nypreparerte skispor. For skiløypa er alt på plass igjen, etter at veglaget – Gjevilvassvegen SA – på årsmøtet sist haust vedtok å stengje vegen frå 1. desember – og leggje til rette for skiløype.

Tapte sivilt søksmål

Det var dette vedtaket dei fem grunneigarane som vil brøyte vegen gjekk til sivilt søksmål mot veglaget for å få kjent utgyldig – men tapte i tingretten.

Gjevilvasshytta

Besøket på Gjevilvasshytta gjekk ned med brøyta veg i fjor vinter. No håpar vertinna på meir folk igjen.

Foto: NRK

– Ja, no blir det skiløype, i alle fall inntil vidare, seier ein godt nøgd styreleiar i veglaget, Svein Asphaug Dørum. Eventuell ankebehandling vil ta tid, peikar han på, og uansett har også kommunen gjort vedtak om å regulere vegen til skiløype vinterstid.

Kommunens vedtak er likevel blitt påklaga til Fylkesmannen av grunneigarane som vil ha brøyting. Avgjerda hos Fylkesmannen blir dermed neste etappe i den ikkje heilt enkle stridssaka i Gjevilvassdalen.

Kan bli anke

– Jo, det er riktig at vi tapte i tingretten – under tvil, seier talsmann for dei fem grunneigarane, Per Henrik Vognild.

– Veglaget fekk medhald – under tvil – om at dei kunne gjere vedtaket om å ha skiløype om vinteren, og når retten seier dei er i tvil er det nærmast ein invitasjon til å anke, seier Vognild. Han ser difor ikkje bort ifrå at grunneigarane vl anke til lagmannsretten.

– Tilfeldig

– Dette er ein dom som ikkje kan bli ståande. Blant anna var det ved eit tilfelle at veglaget vart SA – eller Samvirkeforetak – i 2013. Med ei anna organisasjonsform kunne utfallet blitt eit anna. Slik det er no er det eit fleirtalsdiktatur som styrer mindretalet, unnskyld uttrykket, seier Per Henrik Vognild.

– Og dersom kommunen vedtar å regulere vegen til skiløype, er galskapen komplett. Det fins jo alterativ, seier Vognild, på vegne av dei som vil ha veg vinterstid for å drive vedhogst og utleige av setrene sine i Gjevilvassdalen.