Hopp til innhold

Gjekk i strupen på FrP

Reiulf Steen retta sterk kritikk mot høgresida i 1. mai-talen sin.

Reiulf Steen
Foto: Silje Kolaas / NRK

Heile 2500 deltok i 1. mai-toget i dag. Det er rekord i Trondheim. Men det havna det i skyggen talen til tidligare Arbeidarpartileiar Reidulf Steen.

Den tidligare profilerte Arbeidarpartipolitikaren var rekna for å vere ein fangst for 1. mai-komiteen. Han nytta moglegheita til å gå hardt ut mot høgre sida.

Gjekk hardt ut mot FrP

- Vi er under angrep frå den ekstreme høgre sida. Ei høre side som har George Bush som førebilde. Mannen som har skulda for krisa verda er i no, seier han frå talarstolen.

Reiulf Steen held 1. mai-tale

Reiulf Steen på talarstolen

Foto: Silje Kolaas / NRK

Men det er spesielt ein person som får gjennomgå. Han samanliknar Siv Jensen med George Bush, men utan cowboyhatten. Han seier han er sjokkert over politikken Framstegspartiet står for.

- Gi ho gjerne hatten, men gi ho ikkje stemmene dykkar. Om vi vil kan vi vinne valet til hausten. Om vi vil kan vi gi Siv Jensen hennar største og siste sjokk.

Til slutt fekk han publikum med på ein rungande "Yes we can", inspirert av valkampen til Barack Obama, som han føler seg inspirert av.

Viktigare enn valkamp

Det var noko som var viktigare for han enn å vinne valet, og det var klimaspørsmål og atomvåpen. Dette er dei to viktigaste tinga vi må nedkjempe, meiner han. Og han seier Russland og USA ta mykje av ansvaret.

Delte talarstolen

LO slapp til fleire på talarstolen sin i dag. Bjørg Fenstad frå Sykepleierforbundet slapp til. Det same gjorde UNIO. Der var temaet pensjon, noko som også opptok LO. Tariffoppgjeret med staten braut nemlig før helga.