Hopp til innhold

Går frå dør til dør for ny skule

- Planlegginga av skular i austbyen i Trondheim er elendig, seier Ingrid Bysveen. I desse dagar går ho frå dør til dør for å samle underskrifter for ny skule på Dragvoll.

Video Kamp for ny skole på Dragvoll

GÅR DØR TIL DØR: Foreldre håper på ny skule på Dragvoll, heller enn å måtte skysse ungane andre stader. Sjå fjernsynsreportasje om skulesituasjonen her.

Ingrid Bysveen

HÅPER PÅ NY SKULE: Ingrid Bysveen håper på ein ny skule på Dragvoll.

Foto: NRK
Sidsel Brevig

NOK PLASS NO: Men snart må ein ha meir plass, seier rektor Sidsel Brevig ved Brundalen skole.

Foto: NRK

For sjølv om Brundalen skole nettopp har fått seg ny paviljong med meir plass, ser Bysveen behovet for å byggje ein ny skule.

- Legg ein ny skule til ein stad der den kan avlaste dei andre skulane i austbyen, seier ho.

Bygger 350 bustader

Rektor Sidsel Brevig på Brundalen skole er einig med Bysveen.

- Førebels har me nok kapasitet på nye Brundalen skole, med den nye, fine paviljongen me har fått. Men på lang sikt er det problematisk. Då blir det trangt her, seier ho.

I området rundt skulen er det nemleg regulert inn bustadbygging. Nærare bestemt 350 hus. Desse blir no bygde i området.

- Det står i alle papir at det skal leggjast til rette for bustadbygging. Dette er ikkje å legge til rette for bustadbygging, når ein byggjer 350 bustader utan å ha ein plan for kvar borna skal gå på skule, seier Bysveen.

Får støtte frå politikarane

Ho får støtte av politikarar i Trondheim.

- Med dei bustadene som er planlagt no, så skal skulen i Brundalen vere stor nok. Men på lengre sikt er det klart at det må byggjast nytt, anten ein heilt ny skule eller tilbygg, seier Åse Sætran. Ho er kommunalråd for Arbeidarpartiet i Trondheim.

Slik planane ligg no er det teikna inn ein ny skule på Dragvoll i 2016 fortel ho. Men auken i folketalet kom fortare enn rekna med, og dermed meiner ho ein bør finne alternativ før.

- Eg er einig med foreldra om at skyssing av elevar til Brøset er ei dårleg løysing. Det er alt for lang avstand, seier ho til NRK.

- Interessant innspel

Også Yngve Brox frå Høgre er einig. Han meiner skulekapasiteten må bli stor nok til at ein slepp å skysse ungane ut av området, men er usikker på korleis det skal løysast.

- Innspelet om Dragvoll er interessant, men det kan vere at det er betre både for kommunen og borna å byggje ut på Brundalen, seier han.

Sidan bustadbygginga rundt Brundalen skule har auka på, meiner Brox at ein må vurdere andre alternativ. No vil han ha rådmannen i Trondheim til å finne fram alternativ for korleis ein kan løyse skulesituasjonen.

Fryktar det kan bli for seint

Også Sætran er interessert i å finne ei løysing, og seier ein kanskje ikkje kan vente til ein ny skule skal vere på plass i 2016.

- Elevtalet har auka fortare enn dei prognosane som bystyret fekk. Me må sjå på om me kan få til ei mellombels løysing på Brundalen, eller starte bygging av ny skule, seier ho.

Og sidan arealet rundt Brundalen skole er planlagt som bustadområde, håper rektor Brevig på at ei løysing kjem raskt. For ho fryktar det kan bli for seint å gjere noko med.

- Ja, det gjer eg. Då er det ikkje meir tomteareale igjen.