Hopp til innhold

Fryktar lærarstreiken stoppar studieplanar: – Skal eg kome inn så må vi få vårkarakterane

Bjørnar Nordgård kjem ikkje inn på studiet han vil om karakteren frå i haust hamnar på vitnemålet.

Elevrådsleiar Bjørnar Sæle Nordgård og klassekamerat Kristoffer Bringeland framfor lærarar- og streikevakter Victor Munos og Mary Yale. 
Eit stort fleirtal av lærarane ved skulen til Nordgård, Charlottenlund VGS i Trondheim, er tekne ut i streik.

STREIK: Elevrådsleiar Bjørnar Nordgård (til h.) og klassekamerat Kristoffer Bringeland framfor lærarane Victor Munos og Mary Yale, som er tatt ut i streik.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

– Det er ingen sjanse for at eg kjem inn på studiet eg vil med karakterane frå før jul, seier elevrådsleiar og avgangselev Bjørnar Nordgård ved Charlottenlund VGS i Trondheim.

Men om streiken mellom Unio og KS varer lengre enn til midten av juni, kan det bli konsekvensen: At halvårskarakteren vert gjeldande.

– Fristen for å sette karakterar er i midten av juni, sa opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal i Vestland fylkeskommune til Bergens Tidende 27. mai.

«For dei som kjenner skuleverket, er det vanleg å sette ein litt lågare karakter til jul enn årskarakter til sommaren», har han tidlegare sagt.

Bakgrunnen er at julekarakteren skal opne for og stimulere til ein liten «opptur» siste semester.

Nordgård er redd for at arbeidet han og medelevane har lagt ned for å betre karakterane sidan jul er bortkasta.

Skal eg kome inn, så må vi få vårkarakterane, seier han.

NRK har vore i kontakt med Kunnskapsdepartementet, som svarer at dei er oppmerksam på problemstillinga.

– Vi følger situasjonen fortløpande, men kan ikkje seie noko meir om dette no, seier seniorrådgjevar Johanne Severinsen.

– Dei fleste har skjerpa seg litt etter jul

Andrine Ullaland Ekreskar er elev ved Hafstad VGS i Sunnfjord.

– Dei fleste har skjerpa seg litt etter jul. Då blir det veldig dumt om dei får dei dårlege karakterane dei hadde før jul, seier ho.

Det same seier elevrådsleiar ved skulen, Ruben Ehamparam.

– Eg håpar at dei kan komme til ei einigheit så fort som mogleg, slik at usikkerheita kan forsvinne, seier han.

Andrine Ullaland Ekreskar, elev Hafstad VGS

Andrine Ullaland Ekreskar, elev ved Hafstad VGS i Førde.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Har tru på at dette kan løyse seg

– Vi har ikkje til hensikt å ramme avgangselevar ekstra hardt, så eg har tru på at dette kan løyse seg. Både skriftleg og munnleg eksamen er no avlyst, så det vil vere rimeleg god tid til å kunne sette den standpunktkarakteren, seier Turid Buan Øfsti.

Ho er leiar for Unio sin sentrale streikekomité og medlem av Utdanningsforbundet sitt sentralstyre.

Øfsti fortel at arbeidsgjevarane kan søke dispensasjon for enkeltlærarar, slik at dei kan sette standpunktkarakterar. Elles kan ein gjere avtalar om overtidsarbeid etter at streiken er avslutta.

Å avtale overtidsarbeid i samråd med tillitsvalde, er det også ei opning for i Arbeidsmiljølova, fortel ho.

På denne måten kan lærarane sette standpunktkarakter etter at streiken er ferdig, dersom den skulle vise seg å bli langvarig.

Turid Buan Øfsti, sentralstyret, Utdanningsforbundet

Turid Buan Øfsti, leiar for Unios konfliktarbeid og medlem av Utdanningsforbundet sitt sentralstyre.

Foto: Stig Weston

– Vil ramme elevane urimeleg hardt

– No må vi sjå kva som skjer i første omgang. Viss streiken varer, må anten skulen søkje om dispensasjon for éin dag slik at dei får sett standpunktkarakterar, eller så er det eit mogleg alternativ at det blir vedteke at elevane får halvårskarakteren sin som standpunktkarakter, seier Tor Arne Gangsø, forhandlingsleiar i KS.

KS oppmodar skulane til å søkje om dispensasjon for éin dag av omsyn til elvane viss streiken varer ei stund.

– Og vi håpar at lærarorganisasjonane ser at det vil ramme elevane urimeleg hardt dersom dette ikkje blir innvilga, seier Gangsø.