Hopp til innhold

Frp-politikar Terje Settenøy får enorm støtte etter at han sto fram som alkoholikar

I eit avisinnlegg valde Frp-toppen å legge korta på bordet, og fortelje om sitt liv som alkoholavhengig. Partikollega Siv Jensen trur det kan bidra til at andre vågar å søke hjelp.

Terje Settenøy, Frp

STÅR FRAM: Frp sin toppkandidat i valkretsen Nord-Trøndelag, Terje Settenøy, har valt å vere open og ærleg om at han er alkoholikar.

Foto: Vangseter

«Hei, jeg heter Terje og er alkoholiker»

Slik startar innlegget til politikar Terje Settenøy frå Nærøysund, som vart publisert i fleire trønderske aviser rundt nyttår.

Stortingskandidaten til Frp Nord-Trøndelag har valt å vere open og ærleg om sin situasjon.

Alkoholen tok kontroll over livet

38-åringen har vore alkoholikar det meste av sitt vaksne liv – heilt sidan ung alder.

Han begynte på sjøen som 16-åring, og starta allereie då å drikke altfor mykje.

– Alkoholen har prega livet mitt i stor grad, dessverre. Eg har stort sett hatt periodar med kraftig alkoholmisbruk heilt sidan då.

Terje Settenøy, Frp, sjømann

SJØMANN: Terje Settenøy frå Vikna i Nærøysund har vore sjømann mesteparten av sitt liv. Allereie som 16-åring drakk han altfor mykje alkohol.

Foto: Privat

21. november 2014 tok Settenøy det han kallar det viktigaste valet han nokon gong har tatt. Då innsåg han det familien og dei nærmaste vennane hadde sett i fleire år:

Han hadde ikkje lenger kontroll over livet sitt, det var det alkoholen som hadde.

Fekk livet tilbake – men så kom tilbakefallet

Derfor reiste han til Vangseter på behandling. Ein klinikk for alkoholavhengigheit. Sidan oppstarten i 1986 har om lag 10.000 personar fått hjelp til å bli kvitt si avhengigheit her.

Den stereotypiske alkoholiker, med langt hår og skitne klær, som sitter på en benk i parken og drikker, finnes nesten ikke. De fleste alkoholikere ser du det ikke på, de er helt vanlige folk.

Terje Settenøy

Vangseter brukar slagordet «ta livet tilbake» – og det var nettopp det politikaren gjorde.

Etter dette opphaldet endra livet til Settenøy kurs. Plutseleg fungerte han i kvardagen. I åra etterpå gjekk det stort sett bra.

Men hausten 2020 kom problema tilbake.

– Eg veit ikkje kva som skjedde. Utover hausten drakk eg meir og meir, og det vart oftare mellom kvar gong.

Terje Settenøy, Frp, i peisestova

I PEISESTOVA: – Det er viktig å seie høgt at ein er alkoholikar. Ting blir annleis då. Det betyr litt meir, seier Terje Settenøy, som får behandling mot alkoholavhengigheit.

Foto: Vangseter

– Lett å få god hjelp

Etter ein samtale med familien fjerde juledag, bestemte han seg for å reise til Vangseter for ei ny runde med behandling.

– Det er veldig mange som slit med alkohol. Men dei veit ikkje korleis dei skal ta tak i problemet. Det er synd, seier Settenøy.

– Eg skulle verkeleg ynskje at eg visste det eg veit no; om kor lett det eigentleg er å få god hjelp, held han fram.

Politikaren har fått mange positive tilbakemeldingar etter at han sto fram. Mellom anna frå partikollega Siv Jensen.

– Eg er stolt av Terje. Det er tøft av han å stå fram med sine vanskar. Det er viktig for å redusere tabu rundt alkoholproblem, og det kan bidra til at andre vågar å søke hjelp for sine problem, seier ho til NRK.

– Avhengigheit må behandlast heile tida

Sten Rune Roland er dagleg leiar ved Vangseter. Han fortel at det ikkje er uvanleg at folk returnerer og får tilbakefallsbehandling.

– Avhengigheit er eit fenomen du ikkje berre kan slå av. Å behandle avhengigheit er noko du må gjere heime også.

Roland seier mange føler skam når dei kjem til behandlingsstaden. Han meiner det er eit samfunnsoppdrag å bli kvitt dette tabuet.

Terje Settenøy, Frp, mat på Vangseter

MÅLTID: Ein vanleg dag på Vangseter startar med frukost halv åtte. Det er behandling fram til kl. 15, og så er det middag. Om kvelden er det møte.

Foto: Vangseter

Settenøy samanliknar å slutte med alkohol som å slutte å røyke.

– Det går veldig fort når du først startar igjen. Når det har gått bra i mange år, trur ein at ein er frisk og kan drikke igjen. Då vekker ein gamle synder, meiner han.

– Sterkt drikkepress i Noreg

Alkovettorganisasjonen Av-og-til kan bekrefte at det er eit problem.

– Freistinga for å ta seg eit glas kan bli stor. Det er vanskeleg å vere alkoholfri i Noreg. Drikkepresset er sterkt. Vi er i mange samanhengar der vi blir tilbydd alkohol, og der det er forventa at du skal vere med å drikke.

Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til

AV OG TIL: Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i Av-og-til, meiner det er eit sterkt drikkepress i Noreg.

Foto: Av-og-til

Det seier generalsekretær Randi Hagen Eriksrud. Ho fortel at nesten 2 av 10 står i fare for å utvikle eit drikkeproblem.

– Det er veldig fint at Terje står fram. Han skal ha respekt for det. Det er tabubelagt å snakke om alkoholproblem i Noreg.

Kva må vi gjere for at dette skal bli mindre tabubelagt?

– Vi må ha meir dialog om alkoholuvaner i samfunnet. Det må bli like naturleg å drikke alkoholfritt ein kveld.

Ein betre politikar

Settenøy trur at å stå fram med sine alkoholproblem kan gjere han til ein betre politikar.

– Eg trur at ein blir ein betre politikar av å ha erfaringar frå det vanlege livet – frå kvardagsproblem. Folk flest har noko dei slit med. Det er fåtalet som svever gjennom livet på ei rosa sky.

Terje Settenøy, Frp, på Vangseter

VANGSETER: Terje Settenøy er tilbake på klinikken på Vangseter for å få behandling mot alkoholavhengigheita si.

Foto: Vangseter

Roland på Vangseter rosar politikaren.

– Det er modig. Eg er sikker på at mange takkar han for at han valde å skrive om det. Det er veldig sjeldan at folk i slike posisjonar står fram.

For Settenøy er det no viktig å behalde kontrollen over alkoholen når han i slutten av januar reiser heim til Nærøysund.

– Eg har fått eit mykje betre liv dei siste åra. Før den første behandlinga hadde eg ikkje eit liv. Det er eg som har styringa no, ikkje alkoholen.

Siste fra Trøndelag

Northug i brytekamp med svenske da Klæbo vant suverent: – Måtte bare få ham unna