Hopp til innhold

Knivstukken ni gonger: – Eg trudde eg skulle døy der

Ein mann i tjueåra låg med tarmen i handa og ni knivstikk i kroppen utanfor ein restaurant i Trondheim. Rask utrykking av ambulansen hindra truleg at det enda med døden.

Åsted for et drapsforsøk på Solsiden i Trondheim

ÅSTADEN: Knivstikkinga skjedde på uteserveringa etter stengetid.

Foto: Politiet

To menn vart tiltalte for medverknad til drapsforsøk. Men Trøndelag tingrett dømer dei i staden for grov kroppsskade.

Begge nekta straffskuld då dei møtte i Trøndelag tingrett i mars.

Låg på bakken med tarmen i handa

Knivstikkinga skjedde på Solsiden i Trondheim natt til 6. juli i fjor.

Den fornærma mannen i 20-åra hadde avtalt å møte den eine tiltalte for å betale tilbake narkogjeld. 33-åringen hadde med seg ein annan person som fornærma aldri hadde møtt før.

Utanfor ein restaurant som nett hadde stengt, utvikla det seg raskt dramatisk. Fornærma vart stukken med kniv ni gonger, mellom anna i buken.

Knivangrepet heldt fram også etter at fornærma låg på bakken. Han blødde kraftig og hadde ein tarm i handa si.

– Eg trudde eg skulle døy der, sa han i retten.

Rask livreddande hjelp

Møtet mellom personane vart fanga opp på video frå overvakingskamera like ved. Filmen er av dårleg kvalitet. Sjølve knivstikkinga er ikkje mogeleg å sjå.

Det var fleire som melde frå om det som hadde skjedd. Dermed kom helsehjelpa raskt til staden.

Det var gitt livreddande førstehjelp før ambulansen køyrde til St. Olav fem minutt unna.

Hadde dette skjedd lenger unna eit sjukehus, ville det enda med døden, sa aktor, statsadvokat Kaia Strandjord i Trøndelag tingrett.

Vedgår berre eit stikk i låret

33-åringen vart pågripen same natta heime hos seg sjølv ikkje langt unna Solsiden.

Han vedgjekk å ha møtt fornærma, men ikkje for å ha brukt kniv

To dagar etter melde den andre tiltalte seg, ein 29 år gamal mann. Han tilstod å ha stukke fornærma ein gong i låret. Kniven han brukte fann han på bakken, sa han. Det var ein kniv med eit blåleg skjer, ifølgje tiltalte.

Han sa han kasta den frå seg i ei søppelkasse då han stakk. Den er ikkje funnen.

Ein mann blei knivstukken på Solsiden i Trondheim.

FANN KNIV PÅ ÅSTADEN: Denne kniven låg att der knivstikkinga skjedde. Ingen av dei tiltalte vil vedkjenne seg kniven.

Foto: Politiet

På åstaden låg det att ein kniv med hakekorsmerke. Ingen av dei tiltalte ville vedkjenne seg den.

Eit vitne endra forklaring under rettssaka. I politiavhøyr sa vitnet at han hadde gitt kniven til fornærma ei stund før. Då han stod i vitneboksen forklarte han at han gløymde igjen kniven i bilen til den tiltalte 33-åringen.

Vitnet sa at han «hadde eit hat» mot fornærma av andre årsaker og derfor ville plassere kniven hos han.

Aktor meiner dei tiltalte hadde med seg begge knivane då dei kom til møtet med fornærma.

Ikkje mogeleg å bevise kven som utførte livstrugande stikk

Tingretten meiner det ikkje er bevist at det vart brukt to knivar. 33-åringen hadde med seg «hakekorskniven» fordi han meinte fornærma kunne bli valdeleg, meiner retten. At dei tiltalte hadde planar om å drepe med kniv i eit område med mange folk, finn retten lite sannsynleg.

Retten meiner det ikkje er mogeleg å bevise kven av dei to som utførte det livstrugande stikket.

Ingen av vitna i nærleiken har heller sett at nokon kniv vart brukt. Vitna oppfatta det som ein slåstkamp med slag mot overkroppen.

Trøndelag tingrett frifinn difor dei to for drapsforsøk. I staden blir dei dømde for grov kroppsskade til fengsel i tre år.

Fornærma : Vanvittig

Den fornærma mannen er vonbroten.

–Vanvittig, svarer han når NRK spør kva han synes om domen.

–Du får tre år på grunn av ni stikk. Ikkje rart at folk knivstikk andre.

Han fortel at helsa er bra no, trass i det som skjedde. Han håper det ikkje kjem seinverknader som går utover jobben hans.

Aktor, statsadvokat Kaia Strandjord fekk altså ikkje retten med på å døme for drapsforsøk og påstand om sju og eit halvt års fengsel.

– Domen er grundig og påtalemakta har ikkje bestemt seg for om vi skal anke, seier Strandjord til NRK måndag.

Dei tiltalte må også betale knappe 155 tusen kroner for inntektstapet fornærma har hatt og 180 tusen i oppreisning.

Dei vil vente med å avgjere om dei ankar eller godtek domen.