Fredag avviste Trondheim tingrett søksmålet frå foreldra som no må betale sakskostnader på 84 776 kroner.
Ekteparet vurderer å anke saka til lagmannsretten.
Gunnhild og Reidar Schei under rettsdrøftingane.
Mista einaste barn
Gunnhild Hatlelid Schei og Reidar Schei gjekk til sivilt søksmål mot Forsvaret etter at dei mista sitt einaste barn, Marius Hatlelid Schei, 1. desember 1999.
Ekteparet krevde fem millionar kroner i erstatning frå Forsvaret.
I tillegg saksøkte dei staten for 1 million kroner for tapte inntekter på grunn av den psykiske belastninga.
Marius blei berre 19 år gamal og omkom under ei militærøving i Skjold Garnison i Troms. Bakgrunnen for søksmålet var at ekteparet ønskte at Forsvaret skulle ta ansvar for at sonen deira omkom.
- Målet er ikkje å hengje ut enkeltpersonar, men å få Forsvaret som institusjon til å ta eit ansvar, sa ekteparet til NRK Trøndelag under rettsdrøftingane i Trondheim tingrett.
Gjekk gjennom isen
Marius Hatlelid Schei var på øving saman med seks andre soldatar då den tragiske ulykka skjedde.
Ei beltevogn i Mauken treningsfelt, der ulykka skjedde i desember 1999.
Marius sat saman med tre andre rekruttar i den baktre delen av den todelte beltevogna, BV 206. Dei valte feil trase, køyrde utan lys i tusmørke og kom over eit islagt vatn.
Vogna gjekk gjennom isen, men heldt seg flytande inntil ein av soldatane opna bakdøra for å komme seg ut før den sokk. Med det blei farkosten, som ellers skulle kunne halde seg flytande lenge, fylt med vatn på kort tid.
To soldatar kom seg ut før den sokk, ein kom seg ut mens den sokk, mens Marius blei med ned. Fem timar seinare fann dykkarar han på seks meters djup.
Mangla nødutgang
Bjørn M. Brauti.
Under rettsdrøftingane gjorde prosessfullmektig Bjørn M. Brauti det klart at det under øvinga fanst detaljerte instruksar for det meste, men at det mangla nødprosedyrar om det skulle skje ei ulykke med beltevogna.
Det var ingen nødutgang gjennom taket i beltevogna, slik det var i den fremste delen. Nødutgangen på sida var blokkert av våpen og bagasje, og lagleiiaren i den fremste vogna hadde ikkje samband med soldatane i den bakre.
Desse opplysingane var i følgje Brauti frå Forsvarets eigen undersøkingskommisjon. Men kommisjonen hadde som oppgåve å finne årsak, karleggje det som skjedde og finne tiltak for å hindre at noko liknade skjer igjen. Dei har ikkje som oppgåve å plasser ansvar.
Fredag blei det altså klart at foreldra, som har vore heilt eller delvis yrkesuføre i tida etter ulykka, tapte saka mot Forsvaret.