Hopp til innhold

Fleire funn av nervegift gjort hos tiltalte: Ho nektar for drapsforsøk på mannen

Ei blodprøve frå ektemannen inneheldt nervegifta akonitin. Den tidlegare kona nektar for å ha forgifta mannen. No viser det seg at gifta er funne på fleire gjenstander i huset der dei budde.

Frostating lagmannsrett

DRAPSFORSØK MED GIFT: Rettssaka går Trondheim tinghus.

Foto: Terje Reite / NRK

Det opplyser aktor til NRK måndag.

– Kva for gjenstander gifta er funnen på, vil eg kome tilbake til i retten, seier konstituert statsadvokat Eli Reberg Nessimo.

Tiltalte i 50-åra vil nekte for drapsforsøk når rettssaka starter i Trøndelag tingrett tysdag.

Fann uttørka giftplante i fellessøpla

Politiet starta å etterforske saka etter at det vart funne spor av akonitin i blodprøva som vart tatt av han ved den siste innlegginga.

Akonitin er ei nervegift som finst i planteslekta Aconitum som tilhøyrer soleiefamilien. Planta Storhjelm veks i mange hagar, mens Tyrihjelm er viltveksande.

Akonitin kan gi hjartesvikt og lammingar og ende med døden.

Visse artar av storhjelm blir på engelsk kalla «The Queen of all Poisons» – alle gifters dronning.

Då politiet undersøkte eigedomen vart det funne ei uttørka plante i fellessøpla. Ein nabo fortalde politiet at hen tidlegare hadde sett planta på verandaen til kvinna. Tiltalte har forklart at ho er svært interessert i planter.

Uvisst korleis mannen fekk i seg gifta

I løpet av eit knapt år var mannen akuttinnlagd elleve gonger på sjukehus. Det var tiltalte som ringde ambulansen kvar gong. Sjukehuset greidde ikkje å finne ut kva som feila han før ved siste innlegginga. Blodprøva viste spor av akonitin og politiet vart varsla.

Inntil no har det ikkje vore kjent at det også er funne akonitin fleire stader i huset der dei budde.

I ei rettsavgjerd i samband med varetektsfengslinga går det fram at mannen skal ha vorte sjuk like etter at no tiltalte besøkte han på sjukehuset. Ho skal ha hatt med ein baguette som han åt.

Men sidan dette skjedde ved ei tidlegare innnlegging, vart det ikkje teke blodprøver som kunne avdekke eventuell forgifting.

Storhjelm.

GIFTPLANTE: Storhjelm inneheld nervegifta akonitin.

Foto: NRK

Borte vekk i fleire månader

Kvinna sat i varetekt frå juni til oktober i 2020. Då ho skulle informerast om at det var tatt ut tiltale i juni året etter, greidde ikkje politiet å finne henne. Ho vart etterlyst, men sidan etterforskninga av giftsaka var ferdig, hadde ikkje politiet lov å spore mobilane hennar.

Rettssaka skulle etter planen starte på hausten, men måtte utsettast fordi tiltalte var borte vekk.

I november 2021 melde ho seg via forsvararen sin.

For å hindre at ho ikkje møtte til rettssaka vart ho varetektsfengsla.

Titalt for bedrageri

Ho er også tiltalt for å ha tatt opp lån på 1,2 millionar kroner ved å bruke bank-iden til mannen mens dei framleis var gifte.

Bedrageria skal ha skjedd frå 2016 og fram til mars 2019. Mannen vart første gong innlagd tre månader etter.

Bistandsadvokat Vibeke Meland representerer eksmannen til tiltalte:

Vibeke Meland

BISTADSADVOKAT: Vibeke Meland seier fornærma ser fram til å legge saka bak seg.

Foto: Hege Tøndel Jonli / NRK

– Han er spent på å møte i retten, men verkar motivert for å forklare sin versjon. Klienten min er glad for at ventetida er over og at han snart kan legge dette bak seg, seier Meland til NRK måndag.

Det er sett av halvanna veke til rettssaka. Fleire medisinsk sakkunnige er blant vitna.