Hopp til innhold

Fisketurismen håpte på god seinsommar – no blir Tyskland raudt igjen

– Vi kjem til å ende opp med 80 prosent omsetningssvikt i år. Det er katastrofe, seier Sigrid Hansen på Hitra. No kansellerer utlendingar igjen, og det einaste håpet er ei ny støtteordning.

Sigrid Hansen

PERMITTERINGAR: Frå og med laurdag får også tyskarane innreisekarantene til Noreg og då blir det nesten ikkje turistar igjen hos Sigrid Hansen ved feriesenteret Angelamfi Hitra.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ho driv feriesenteret Angelamfi Hitra som tilbyr opplevingar for fiskeentusiastar. I år har dei berre 15 prosent av inntektene dei vanlegvis har på seinsommaren.

– Eg har nettopp snakka med nokre av mine tilsette. Situasjonen er såpass usikker og dramatisk med den kanselleringa som føregår. Eg tenkjer at eg ikkje har arbeid til dei lenger enn til september, så må vi permittere igjen, seier Hansen, som er dagleg leiar ved bedrifta.

Fisketurister

TURISTANE FORSVINN: Ved feriesenteret Angelamfi Hitra strøymer kanselleringane inn fordi fleire landegrenser igjen stenger. Dette kan vere nokre av dei siste turistane dei har i år.

Foto: Morten Andersen / NRK

Kanselleringane renn inn

Både ho og andre som driv fisketurisme var optimistiske då landegrensene opna 15. juli, men no renn kanselleringane inn på grunn av at fleire av grensene igjen stenger.

Frå og med laurdag får også tyskarane innreisekarantene og då blir det nesten ikkje turistar igjen hos Hansen på Hitra.

Ein del av reiselivsbedriftene føler også dei hamnar mellom to stolar. Dei får ikkje vanlege støtteordningar sidan dei ikkje har drift heile året, og ikkje støtte for sesongbedrifter fordi dei har overnatting.

Koronastøtteordningane treffer ikkje oss, fordi vi har sesong frå april til september. Det er ei anna støtteordning som går på sesongbasert aktivitet. Den får vi heller ingenting frå, fordi vi har overnatting, seier Hansen.

Angel Amfi

REDNINGA: Ei ny støtteordning på 250 millionar kroner kan bli redninga for Angelamfi Hitra og andre som driv fisketurisme langs kysten.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ny støtteordning på 250 millionar

Men no kjem ei ny ordning som kan vere redninga for fleire av desse reiselivsbedriftene.

– Bedriftene kan no søke tilskot for å få betalt kostnaden med å omstille seg til den nye kvardagen, seier Aud Herbjørg Kvalvik, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge.

Ho fastslår at denne støtteordninga skal gjelde bedrifter som tilbyr overnatting også. Det er ei ordning på 250 millionar kroner. Trøndelag har ambisjonar om å ta sin del av dette, ifølge Kvalvik. Maksbeløp per bedrift er 5 millionar kroner.

– Viss du har 30 prosent nedgang i omsetninga for juni, juli og august i 2020, samanlikna med 2019, så kan du vere kvalifisert for å søke på denne ordninga, seier Kvalsvik.

Tord Lien

HAR TRUA PÅ NY STØTTEORDNING: Regiondirektør i NHO Trøndelag, Tord Lien, meiner det er viktig at næringa får hjelp til å komme seg gjennom krisa den no står i.

Foto: Lars Erik Skjærseth / NRK

Ho seier vidare at denne ordninga er ein gåvepakke til dei som den treffer. Den når ikkje alle, men dei som får tak i desse pengane har eit utgangspunkt for å komme seg vidare, og overleve dei tøffe månadane som ligg framfor dei.

– Ei næring med knekt rygg

NHO har også tru på at den nye ordninga kan vere ei redning for mange av turistbedriftene langs kysten. Dei meiner mange av dagens støtteordningar ikkje har hjelpt denne næringa i det heile tatt.

– Det er bra at regjeringa no har kome på bana med ei ordning som i alle fall tilsynelatande kan endre på det. Vi får berre håpe at det også viser seg i praksis, slik at dei viktige distriktsarbeidsplassane kan bergast, seier Tord Lien som er regiondirektør i NHO Trøndelag.

Han meiner dette er eit eksempel på ei viktig distriktsnæring som no ligg med knekt rygg. Det er viktig at næringa får hjelp til å komme seg gjennom krisa den no står i.

Fortvila

– Dei har hatt ein veldig krevjande situasjon store delar av sommaren. Dei tyske turistane var først utestengde, så blei det opna, og no stenger det igjen. Tyskarane utgjer ein betydeleg del av kundane til denne viktige distriktsnæringa, så dette har vore tøft, seier Lien.

Ved Angel Amfi på Hitra er eigaren fortvila over at 35 års drift kan ende i konkurs.

– Eg håper verkeleg vi no kan få litt gehør og støtte. Då skal vi brette opp ermane endå meir og klare oss gjennom denne vinteren, seier Sigrid Hansen.