Hopp til innhold

Festivalvettreglane: Tips til deg som går ein festivalsommar i møte

Skal du på festival for første gong, eller er du ein gamal travar på festival? Her kjem råd for korleis du skal få mest mogleg ut av festivalopplevinga.

Arianrhod Engebø og Nate Kahungu på Stavernfestivalen.

FESTIVAL: Saman med Arianrhod Engebø hadde Nathan Kahungu sin fyrste festivalsommar i fjor. Her er dei på Stavernfestivalen.

Foto: privat

– Det viktigaste er jo å få sjå dei artistane du høyrer på heile tida, live.

Det seier Nina Gjertsen, programleiar i Urørt. No står festivalsommaren for tur og det kan by på gode konsertopplevingar og minner for livet.

Men for å få det meste ut av festivalen kan det vere lurt å kome førebudd.

Planlegg før du drar

For det fyrste må du finne ut kva festival du har lyst til å dra på. Finn ut kvar favorittartistane dine speler og kvar du har lyst til å dra, tipsar Gjertsen.

Og når du veit det kan det vere ein god idé å lage ei speleliste med artistane som kjem.

– Då får du ofte også sjekka ut det ukjente før du drar. Og då er det ekstra kjekt å stå på konsert og kunne tekstane eller i alle fall kjenne nokre av låtane, legg ho til.

Nina Gjertsen på Høllafæst i Svolvær

Nina Gjertsen har vore mykje på festival, både privat og gjennom jobben i Urørt. I fjor var ho på Høllafest i Svolvær.

Foto: privat

Men på festival kan det hende at fleire artistar speler samtidig og då kan det vere lurt å finne ut kven som spelar når og på kva scene det er.

– For å få den beste musikkopplevinga frå festivalen så ville eg ha sett kven som speler, før festivalen begynner for å vite kva artistar og band det er du absolutt må få med deg, råder Arianrhod Engebø frå StudioP3.

I tillegg kan det vere fint å vere open for å sjå noko heilt nytt.

– Det kan ofte bli ein ny favorittartist, eller ein god historie viss du synest det er dritdårleg, seier Gjertsen.

Ver ute i god tid og finn deg ein god plass i publikum.

Posisjoner deg etter opplevinga du vil ha

Blant publikum på festivalar finn du både ein gamal rockar som trampar takta langt bak på konserten til dei som hoppar og syng med for full hals langt framme mot scena.

– Plasser deg ein stad som passar din form og kva konsertoppleving du vil ha, seier Gjertsen som i grove trekk forklarer dei forskjellige sonene blant publikum.

Langt framme er det ofte mykje energi, dulting og dytting. Folk syng med, hoiar og hoppar i kvarandre. Og er det ein energifull konsert kan det oppstå moshpit langt framme og bak til midten.

Langt bak står ofte dei som vil stå i ro og nyte musikken. Her får du også eit godt overblikk over alt som skjer på scena. Dersom det er eit kult sceneshow får du det best med deg her.

I brotlinja, mellom dei som hoppar og dei som står i ro. Her er det kort veg til å bli med å hoppe, men også enkelt å trekke seg tilbake igjen.

– Her har eg det kjekkast, for då kan eg regulere det litt sjølv, legg Gjertsen til.

Og dersom du ikkje er så høg fungerer det godt å stille seg litt på sida framme, for der er det også litt roleg.

konsert på Høllafæst. Nina Gjertsen står med ryggen til kamera og ser på konserten.

Her står Nina langt bak i publikum for å få med seg musikken, alt som skjer på scenen og den flotte naturen rundt.

Foto: privat

Kle deg etter vêret

Sjekk vêrmeldinga, men ta med både regnjakke, solkrem og ullgenser. På festival er det kjekt å pynte seg, men det kan vere lurt å kle seg litt praktisk.

– Eg pleier alltid å passe på å kle meg pent, men ikkje ta på deg det finaste du har i skapet, fortel Nathan Kahungu i StudioP3.

– Det blir ofte kaldt på kvelden, så ta med genser. Det verste eg veit er å gå å fryse, legg Gjertsen til.

– Eg vil anbefale å ha på gode sko, og sko som du ikkje er redd for. Sko som du tenker at etter denne festivalen så toler dei enten eit par rundar i vaskemaskina, eller kanskje det til og med går greitt at du kastar dei, seier Engebø.

Du går rundt heile dagen, frå scene til scene.

– Hugs solkrem! Det har eg brent meg på ofte, bokstavleg talt eigentleg.

Det seier Gjertsen som fortel at ho ofte har blitt solbrent på festival og no alltid hugsar å ta med både solkrem og kaps.

Og ta med regnponcho eller regnjakke anten du trur at du treng det eller ikkje.

– Dersom du ikkje treng å ha den på deg, så kan du kanskje sitte på den, seier Arian.

Ha med deg ein sekk eller eit lite nett i veska, så har du plass til alle kleda du har tatt med.

Arianrhod Engebø og Nate Kahungu på Neon-festivalen.

Med sekk slepp du knyte den ekstra genseren rundt livet og fylle alle lommer med ting. Her er Rianrhod Engebø og Nathan Kahungu på Neon-festivalen i Trondheim.

Foto: privat

Avtal ein møteplass

Det kan vere vanskeleg å finne vennane dine igjen dersom de har mista kvarandre. Og då kan det vere lurt å avtale ein møteplass før det skjer.

Ved ei matbod, langt bak ved hovudscena eller andre kjennemerke kan vere gode plassar å finne gjengen sin igjen.

– Eller så kan man dele posisjon, anten via Iphone, Messenger eller Snapchat for å finne kvarandre igjen, legg Kahungu til.

Utan mat og drikke ...

... duger heller ikkje ein festivalgåar.

– Når du er på festival så er det så mykje gøy, du får så mange inntrykk og eg gløymer alltid å ete og det ender alltid opp med at du er energilaus, seier Gjertsen.

Hugs å fylle på med mat og drikke mellom konsertane du vil få med deg. Og ikkje berre fyll på med alkohol. Hugs vatn.

– Ta det litt med ro på vorspielet og ikkje ta av heilt. For mykje alkohol passar ikkje saman med festival der folk skal danse og ha det artig saman.

Stein Vanebo

Stein Vanebo oppfordrar dei som skal på festival om å ta med seg det gode humøret og å ta omsyn til kvarandre. – Då går resten av seg sjølv.

Foto: Trondheim Stage

Det seier presseansvarleg for festivalane Neon og Trondheim Rocks, Stein Vanebo.

Og med mat og drikke kan det fort bli litt søl. Då er det lurt å vere førebudd og ta med våtserviettar. Dei veit du aldri når du får bruk for.

– Det er spesielt nyttig dersom du skal på festival og campe, legg Engebø til.

Og skal du på festival med camping og bu i telt – då har Jesper Nondal nokre råd til deg:

No bankar sommaren på døra, og det er klart for den første ordentlege festivalsommaren på nokre år. Reporter Jesper gir deg sine beste tips for korleis du skal overleva din første festival.

No bankar sommaren på døra, og det er klart festivalsesongen igjen. Reporter Jesper gir deg sine beste tips for korleis du skal overleva din første festival.

Ver raus og kos deg!

På festival kjem det mange forskjellige folk, så ver raus og nyt festivalen.

– Ikkje gløym at musikken og det å kose seg er i fokus. Og så kjem alt det andre etter det, råder Kahungu.

Og det kan vere fristane å filme konsertane og ta bilete for å ha noko å sjå tilbake på. Men hugs å vere til stades når du først er på festival råder Gjertsen til slutt.

– Men ikkje stå på mobilen ein heil festival. Du har brukt masse pengar på å kome dit – stå og nyt konserten!