Hopp til innhold

Fengsel og kriminalomsorg tilrår at dobbeltdrapsdømt kan bli sett fri på prøve

Først drap han sambuaren sin i 1987. Åtte år etter at han var ferdigsona, så drap og valdtok han stedottera si i 2002. Trondheim fengsel og kriminalomsorga meiner han kan settast fri på prøve, men aktor er i tvil.

Drap Steinkjer.

TILBAKE TIL FENGSEL: Dette biletet er tatt etter at forvaringsdomen blei avsagt i 2003. Den dømte blir ført tilbake til fengselet.

Foto: Stian Manka / SCANPIX

– Det er ikkje noko artig. Det er tragisk, sa tiltalte då han møtte i Sør-Trøndelag tingrett tysdag.

Dette var svaret på spørsmålet frå aktor om korleis tiltalte opplevde å høyre opplesinga frå dei to domane sine.

Denne veka møter 57-åringen i Sør-Trøndelag tingrett fordi han ønskjer å bli sett fri på prøve. To gonger før har retten sagt nei.

Ville ha sex med barnet, ikkje drepe

Drapet på den 19 år gamle sambuaren i Namsos skjedde i 1987. Han brukte hammar på kvinna som han deretter kvelte. Tiltalte, som då var 24 år gamal, vart dømt til ti års fengsel.

I 1994 hadde han sona ferdig og flytta saman med ei kvinne i Steinkjer. Den eldste dottera hennar var elleve år då tiltalte kvelte henne ei septembernatt i 2002 mens dei to var aleine heime. Deretter valdtok han barnet.

I rettssaka i 2003 forklarte tiltalte at han røykte hasj og såg på porno før han gjekk inn på soverommet til stedottera. Målet hans var å ha sex med henne, ikkje å drepe, ifølgje han sjølv. Men jenta kjempa imot og derfor drap han henne.

Retten meinte det var stor gjentakingsfare og dømde han til 21 års forvaring med ei minstetid på ti år.

Trondheim tinghus i september

BER OM LAUSLATING: Ein 57-år gamal mann ber om å bli prøvelauslatt i Sør-Trøndelag tingrett denne veka.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

Fast jobb som sjåfør

57-åringen har sona først ved Ila landsfengsel før han vart overført til forvaringsavdelinga ved Trondheim fengsel i 2008.

Frå september 2017 var han ved Leira fengsel som er ei open soning utan inngjerding. Frå februar i år har han sona ved eit såkalla «frigangsfengsel» i Trondheim. Her har innsette telefon og internett med meldeplikt kvar kveld.

Tiltalte har fast jobb som sjåfør i eit firma som gjer at han kvar dag er ute aleine. Jobbområdet strekkjer seg frå Namsos i nord til Røros i sør, fortalde han i retten tysdag.

Han seier det aldri har vore noko problem.

Tiltalte har i fleire år hatt korttidspermisjonar også med overnatting. Då har han ikkje hatt betjentar med seg, men meldeplikt til politiet kvar dag.

Han har også teke utdanning i fengselet og gjennomgått fleire behandlingar, mellom anna med sexolog og kurs i sinnemeistring. Han sa i retten at problemet hans var rus, mellom anna langvarig bruk av amfetamin før det siste drapet.

 Aktor, førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes, i rettssaken der menn mann er tiltalt for flere trusler mot flyplasser i Norge.

TVILAR: Førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes er i tvil om tiltalte bør prøvelauslatast.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Kriminalomsorga støttar prøvelauslating

Både Trondheim fengsel og Kriminalomsorga tilrår at tiltalte no blir lauslaten på prøve. Dermed kunne avgjerda om prøvelauslating vorte bestemt utan rettsleg prøving.

Men aktor, førstestatsadvokat Bjørn Kristian Soknes, meiner retten bør avgjere saka på grunn av den alvorlege domen frå 2003.

Soknes har tidlegare sagt til NRK at han er i tvil om tiltalte bør prøvelauslatast på grunn av fare for gjentaking.

Tiltalte fortalde i retten tysdag om langvarige fysiske problem som gjorde at han ikkje fungerte slik han ønskjer i høve til kvinner. Dette gjorde han deprimert.

– Du må jo løyse eit problem før du kan gå vidare og fungere normalt. Viss det ikkje skjer, kva då, spurte aktor.

– Nei, då får eg halde meg unna, svarte tiltalte. Han ønskjer at behandlarane skal lytte til han og meiner det har skjedd i liten grad til no.

Solveig Klæbo Reitan

SAKKUNNIG: Overlege Solveig Klæbo Reitan er sakkunnig i rettssaka.

Foto: NTNU

– Mange menn har problem med nedsett seksuell evne utan at dei gjer seg skuldig i to drap

Siste gongen retten behandla prøvelauslating var i 2016. I domen stod det:

«Drapa viser at NN (namn på tiltalte, journ.anm.) var i stand til å utføre det ekstreme for å få det som han ville både i 1987 og i 2002. Seksuelle og ekstremt aggressive impulsar slår igjennom».

Det er dei same to sakkunnige som er oppnemnde av retten i den tredje prøvinga. Ei av dei er overlege i psykiatri Solveig Klæbo Reitan. Ho stilte fleire spørsmål til tiltale.

Psykiateren viste til at tiltalte ønskjer behandling for fysiske vanskar med å fungere seksuelt.

– Kva med psykologisk behandling som skal minske sexlysta og ikkje auke den slik du vil? spør Reitan.

Tiltalte svarer det er uaktuelt og avviser at han har psykiske problem.

– Men mange menn har problem med nedsett seksuell evne utan at dei gjer seg skuldig i to drap, seier Reitan.

Tiltalte står fast ved at problemet hans er fysisk. Men han er villig til å gå med på behandling dersom han meiner det hjelper han.

Dei sakkunnige har ikkje funne noka psykiatrisk diagnose på tiltalte.

– Det er ei gåte, sa Reitan, som vil legge fram erklæringa i retten onsdag.

Strenge vilkår for å bli sett fri på prøve

Dersom tiltalte blir sett fri på prøve blir det på visse vilkår. Han får mellom anna rusforbod, må ikkje kontakte fornærma personar frå straffesakene, eller skifte adresse utan godkjenning frå Kriminalomsorga.

Han får heller ikkje reise til utlandet og skal ha jamnlege samtalar med Kriminalomsorga. Han bør også vere open for behandling.

Max Ersøy er fungerande inspektør ved forvaringsavdelinga i Trondheim fengsel. Han sa i retten at det aldri har vore noko problem med tiltalte der. Han har gjort det han har fått beskjed om. Han kan vere litt sta, men er ein triveleg mann, ifølgje inspektøren.