Hopp til innhold

Feira historisk veg-vedtak med kake

Politikarane går for ny veg og bru mellom Steinkjer og Verran/Sprova. Og for å feire vedtaket, måtte det kake til.

Feirer med kake

Dei slo til med kake på fylkestinget: Tor Erik Jensen, Johannes Sandstad, Bjørn Skjelstad og Bjørn Arild Gram.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Kake for fylkesvegen

Det vart kake på fylkespolitikarane etter at dei vedtok byggetrinn 1 på ny fylkesveg 17.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

– Vi har vore med på eit historisk vedtak, seier ordførar i Verran, Bjørn Skjelstad.

– Dette er ei heilskapleg utbygging som vil bli viktig for både innbyggarar og næringsliv, seier han, og tenkjer spesielt på at transporten til og frå papirfabrikken i Follafoss vil bli mykje tryggare.

– Blir nøgde trass i bompengar

Brua som skal byggjast over Beitstadsundet vil òg gjere reisetida mellom Malm og Steinkjer ti minutt kortare.

Det vil gjere det enklare for dei som vil bu i Malm, trur Skjelstad.

Baksida av medaljen er at vegprosjektet delvis skal finansierast med bompengar.

– Det må vi ta med oss. Ingen har lyst til å betale bompengar, men når vi får så mykje veg, trur eg folk blir nøgde, seier Skjelstad.

Startar bygging om eitt år

Fylkesråd for samferdsel, Tor Erik Jensen (H), har jobba i årevis med prosjektet, og han tok med glede ein stor bit av kaka. Om han får det som han vil, er vegen og brua ferdig i 2020.

– Vi startar bygging så snart Stortinget seier ja, det blir truleg i juni neste år.

Ordførar i Steinkjer, Bjørn Arild Gram, trur vegprosjektet vil opne opp regionen og gjere den større for Steinkjer og nabokommunane.

– I tillegg blir vegen mellom Vellamelen mykje tryggare. I dag går vegen rett gjennom, seier han og peiker på at Vellamelen kjem til å sleppe både støy og forureining frå trafikken.