Hopp til innhold

Drop-in-vaksinering i Verdal

Onsdag 4. og torsdag 5. august vil det bli drop-in-vaksinering for innbyggjarar i Verdal. Det gjeld både første og andre dose av koronavaksinen, men dei som skal ha første dose blir prioriterte. Kommunen skriv på sine nettsider at dei må bruke drop-in sidan bookingløysinga ikkje fungerer optimalt enno.