Hopp til innhold

Drapstiltalt meiner han handla i naudverje: – Det var han eller meg

Tiltalte meiner kameraten utførte ei seksuell handling på han og at det starta ein krangel som endte med at Råger Holte døydde på stovegolvet i huset på Ler.

Råger Holte

– Det var han eller meg, forklarte den drapstiltalte i retten i dag. Han meiner han handla i naudverge.

Foto: Privat/NRK

Då 27-åringen inntok vitneboksen i Frostating lagmannsrett måndag ettermiddag hadde han tidlegare på dagen erkjent at han drap 38 år gamle Råger Holte, men at det var i naudverje.

Ifølgje tiltalte var det Holte som henta bajonetten og stakk den i sofaen like ved hovudet til tiltalte. Før det hadde Holte kasta både tallerkenar, ein stol og anna lausøyre mot tiltalte og slått han i hovudet med ei flaggstong.

Då Holte kom med bajonetten vart tiltalte redd. Det oppstod eit basketak og det første stikket Holte fekk, skjedde då tiltalte ramla over han på golvet, ifølgje han sjølv.

Kvifor tiltalte deretter påførte Holte over 130 stikk, kunne han ikkje svare klart på i retten.

– Eg vart berre forferdeleg redd, eg visste kva Råger kunne vere i stand til. Det var han eller meg. Eg fortener ikkje å bli kalla drapsmann, sa tiltalte.

Han gjentok at han er heterofil, mens Holte var open homofil.

Ler

38 år gamle Råger Holte ble funnet død i hjemmet sitt på Ler i Melhus den 25. januar i fjor.

Foto: Stein Lorentzen

– Hadde det vore kamera der, hadde eg ringt politiet

Slosskampen som endte med drap starta ifølgje tiltalte om lag klokka kvart på åtte på morgonen 24, januar. Det heile var over på nokre minutt, og 27-åringen forstod at Holte var død. Han låg på golvet med eit flagg drapert over seg då han vart funnen. Men tiltalte kan ikkje hugse at han la det over den døde.

Tiltalte meiner han handla i naudverje og trudde ikkje det var meir enn mellom fem og ti stikk, før han seinare i politiavhøyr fekk vete at det var over 130 stikk.

– Hadde det vore kamera i stova, hadde eg ringt politiet, for då ville dei ha trudd meg at det var i sjølvforsvar, sa tiltalte i lagmannsretten måndag.

Om han vaska genseren for å fjerne blod og om det var den same genseren som hadde krympa då han vart arrestert, kunne tiltalte ikkje svare klart på.

Han fortalde at han først sundag kveld, i samråd med forsvararane, bestemte seg for å fortelje korleis han opplevde drapsmorgonen 24. januar i fjor.

Sende SMS til avdøde etter drapet

Etter at tiltalte hadde drepe Holte og forlete åstaden tysdagsmorgon 24. januar sende han to tekstmeldingar til Holte.

Den siste klokka kl. 01.13 natt til onsdag.

«Ring når du vakne så ordne vi nå godt i morra. Natt broshan.»

Dei tekniske undersøkingane av mobiltelefonen og SIM-kortet til Holte, viser at SIM-kortet ikkje var aktivt etter 22. januar. I tingretten i fjor forklarte tiltalte at telefonen til Holte ikkje alltid fungerte, men at han sende meldingane i tilfelle telefonen var i orden igjen.

I lagmannsretten måndag vart 27-åringen spurt av lagdomar Randi Grøndalen om kvifor han sende SMS til mannen han visste var død.

– Eg gjorde det vel for å få det til å sjå greitt ut, svarte tiltalte.

Då ankesaka starta i Frostating lagmannsrett måndag, var det framleis uklårt om tiltalte ville forklare seg. I tingretten måtte aktor lese opp nærare 200 sider politiforklaringar med tiltalte som meinte det måtte vere grunnlag nok for retten.

Tiltalte vart i november dømd til 15 års forvaring, med ei minstetid på 10 år for drapet på kameraten Råger Holte. Han nekta for drapet og forklarte at då han forlet huset til Holte var han i live.

Arve Opdahl

– Ut ifrå den forklaringa han har gjeve oss, meiner vi at han kan vise til at det var naudverje, seier den tiltaltes advokat Arve Opdahl.

Foto: Karoline Ravndal Lorentzen / NRK

Jury skal avgjere skuldspørsmålet.

Etter at juryen i dag var valt ut, ba forsvarar Arve Opdahl om ein halv times pause i rettsforhandlingane.

Då lagdomar Randi Grøndalen sette retten igjen, kunne Opdahl opplyse om at klienten ville forklare seg og at han erkjenner å ha drepe Holte. Men 27-åringen meiner det var i naudverje og han nektar seg framleis skuldig i drap.

– Vi forsvarar har snakka fleire gonger med tiltalte om saka, seinast i fengselet sundag kveld. Ut ifrå den forklaringa han har gjeve oss, meiner vi at han kan vise til at det var naudverje. Ifølgje straffelova kan det bety straffefritak eller nedsett straff, seier Opdahl som forsvarer tiltalte saman med advokat Christian Wiig.

I Frostating lagmannsrett utgjer juryen fem kvinner og fem menn som er valde ut etter loddtrekning. Ingen av dei er frå Melhus.

Juryen skal svare ja eller nei på om tiltalte er skuldig. Tiltalte nektar altså straffskuld fordi han meiner drapet skjedde i naudverje.