Hopp til innhold

Dømt til 16 års fengsel for å ha drepe sambuaren

Ein 35 år gamal mann er dømt til 16 års fengsel for å ha tatt livet av sambuaren sin, Tirhas Tekle Kifflay, i Trondheim.

Kvinne funnet død ved Trolla. Krimteknikere jobber på funnstedet.

FUNNEN I TROLLA: Den 33 år gamle kvinna blei funnen død i fjæresteinane i Trolla i Trondheim tysdag 7. april i år.

Foto: Bjarte Johannessen / NRK

– Dette er ei sak der det har vore ei svært grundig etterforsking frå politiet si side. Det er ei sak med fellande bevis både enkeltvis og samla. At domstolen kom ut med det resultatet dei gjorde er ikkje noko overraskande på meg, seier aktor Per Morten Schjetne.

35-åringen er også dømd til å betale dei fire etterlatne, mindreårige barna 300.000 kroner kvar i oppreisningserstatning. Dette er det meir enn standard erstatning som er på 200.000 kroner.

Retten viser til belastninga ved å miste mor si på ein slik traumatisk måte. Ved at far/stefar blir dømd, har barna mista begge omsorgspersonane sine.

Tirhas Tekle Kiflay

SMÅBARNSMOR: Tirhas Tekle Kifflay lèt etter seg fire barn.

Foto: privat

Vurderer anke

Etter at domen var lesen opp tok 35-åringen ordet og gjentok at han ikkje har drepe sambuaren sin.

Han sa også at dette kan føre til ei konflikt mellom eritrearar.

Ifølgje forsvararen hans har han det veldig vanskeleg. Domen kom som eit slag i fjeset på han.

– Eg registerer at vi ikkje nådde fram og det kjem nok heilt sikkert ei anke, så får vi sjå om lagmannsretten vurderer det annleis, seier forsvarar Ole Magnus Strømmen til NRK.

Ole Magnus Strømmen

FORSVARAR: Ole Magnus Strømmen er forsvarar for 35-åringen som er dømd for å ha drepe sambuaren sin i Trondheim.

Foto: Hans Christian Eide / NRK

Drepen med kniv

Det var like før klokka 10.00 torsdag morgon den 35 år gamle mannen kom til Sør-Trøndelag tingrett for å få dommen sin.

Ifølge tiltalen drap han sambuaren sin, Tirhas Tekle Kifflay ved å stikke eller skjære ho fleire gonger med kniv.

Drapet skal ifølgje politiet ha skjedd i heimen hennar ein gong mellom fredag kveld 27. mars og natt til laurdag 28. mars. Tiltalte nektar for å ha gjort dette.

Trafikkdata og blodfunn

Retten meiner tiltalte drap sambuaren med vilje, men at han ikkje planla ugjerninga. Avdøde hadde ikkje skader på armane, noko som tyder på at ho ikkje fekk tid til å verje seg mot kniven.

Difor må åtaket ha kome overraskande, truleg mens ho sat, meiner retten. Blodfunn i leilegheita og bilen, overvakingsbilete frå garasjen, og mykje mobildata peikar mot tiltalte som den einaste gjerningsmannen.

Sør-Trøndelag tingrett viser til Sverigeturen der mobilen til avdøde var med og gav utslag på mobilmaster parallelt med tiltalte sin telefon. Han har nekta for at mobilen til sambuaren var med i hans bil. Han kan ikkje hatt nok kunnskap om korleis trafikkdata kan sporast på mobil.

Tiltalte har undervegs endra forklaring etter kvart som han vart kjend med kva tekniske bevis politiet hadde, meiner retten.

Trolladrapet - terrenget ved funnstedet

BEVIS: Kripos sikra seg bevis i skåringa i Trolla der 33-åringen blei dumpa etter at ho var drepen.

Foto: Politiet

Retten: Drapet må ha skjedd i affekt av andre grunnar

Tiltalte har fortalt at han og Tirhas diskuterte noko han skulle ha sagt om ein annan person. Han meiner sambuaren forveksla to namn og trudde det var venninna hennar han meinte.

Påtalemakta meiner ein samtale siste kvelden kan vere drapsmotivet. Tirhas Tekle Kifflay og ektemannen krangla denne kvelden.

– Det er uforståeleg at den nemnde konflikten kan føre til drap. Det må ha vore andre tema som kom opp i samtalen denne kvelden, som førte til drapet, står det i domen.

Det er ingen formildande, men fleire skjerpande omstende i saka: Drapet skjedde heime, med tre mindreårige barn til stades som kunne ha vakna. Tirhas var forsvarslaus. Etter drapet vart ho kasta, delvis naken ned i skråninga. Tiltalte skreiv også ein lapp, som han påstod var frå mora, til ei av døtrene om at ho snart kom tilbake. Han har også villeia politiet ved å legge ut fleire falske spor.

Retten samd med aktor om 16 års fengsel

Aktor la ned påstand om 16 års fengsel for 35-åringen. Sør-Trøndelag tingrett er samd med aktor. I sin sluttprosedyre la aktor Per Morten Schjetne også mellom anna vekt på blodfunn i stova og på kjøkkenet.

Han meinte dette var det viktigaste beviset for at drapet har skjedd i leilegheita på Flatåsen i Trondheim.

Tiltalte forklarte i retten at Kifflay knuste eit glas og skar seg på handa av glasskåra då ho skulle lage mat. Difor sølte ho blod i leilegheita.

Endra forklaring

Undervegs i rettssaka endra den tiltalte 35-åringen forklaring. Han sa i retten at han køyrde til Byneset i Trondheim for å finne sambuaren sin.

Politiet meiner han køyrde dit for å dumpe liket av sambuaren.

I politiavhøyr nekta han først for at han var ute med bil den aktuelle kvelden. Han fortalde at han sat heime i leilegheita.

Han køyrde også mot Sverige dagen etter politiet meiner drapet skjedde i Trondheim.

Kvinne funnet død ved Trolla, Trondheim. Politiet ønsker i denne sammenheng informasjon om en VH-registrert Mitsubishi Outlander, 2010-modell.

TIL SVERIGE: Same dag som Tirhas Tekle Kifllay forsvann, reiste ektemannen til svenskegrensa ved Storlien i familien sin Mitsubishi.

Foto: Politiet

Liket i bagasjerommet

Tiltalte har forklart at sambuaren skulle besøke søstera i Sverige og at han drog for å sjå om ho hadde kome seg over grensa.

Påtalemakta meiner liket av Tirhas då låg i bagasjerommet på bilen og at planen hans var å dumpe henne i Sverige. Han snudde på grunn av koronatiltaka.

I retten vart det lagt fram omfattande mobildata frå telefonane til tiltalte og den drepne. Dei viser at Tirhas sin telefon var heime i leilegheita etter turen til Sverige.

Den vart slått av måndag 30. mars og dagen etter ringde tiltalte til politiet og melde henne sakna. Mobilen hennar vart funnen saman med veska hennar på eit busstopp 4. april.

Ein gong under opplesinga av domen tok tiltalte ordet. Han sa at det er fleire feil i domen og at retten samarbeider med aktor. Tolken fekk beskjed av tingrettsdomar Marianne Berg om å forklare tiltalte at han ikkje kan avbryte opplesinga.