Hopp til innhold

Samtale siste kvelden kan vere drapsmotivet, meiner påtalemakta

Kvelden før Tirhas Tekle Kifflay (33) forsvann og seinare vart funnen drepen, var ho sint på tiltalte. Påtalemakta meiner krangelen kan vere eit motiv for drapet som sambuaren er tiltalt for.

Utdrag av video-samtale mellom den drepte Tirhas og ektemannen.

UTDRAG: Frå samtalen mellom tiltalte og drapsoffer omsett til norsk. Samtalen vart filma av eit av barna siste kvelden Tirhas var i live, ifølgje påtalemakta.

Samtalen på halvtanna minutt vart filma av eit av barna med mobilen til mora. Den vart spelt av i Sør-Trøndelag tingrett onsdag.

Den drepne kalla tiltalte «løgnar»

Den siste dagen ho levde, etter påtalemakta si meining, var Tirhas sint på tiltalte. Dette ifølgje ei venninne som vitna i retten- Ho sa at Thiras høyrdes sint ut på telefon.

Tiltalte hadde fortalt ting til Tirhas om denne venninna som ikkje var sant.

I SMS kalla Tirhas han for «løgnar». På kvelden vart det ein diskusjon i heimen om saka.
Her seier tiltalte, ifølgje omsetjinga til norsk, mellom anna:

«Sidan du er kona mi vil eg ikkje skjule ting for deg. Eg fortalde deg det eg høyrde, for di ære fordi du er kona mi».

Tiltalte har forklart at det var Tirhas som blanda saman to namn og at det var snakk om ei anna kvinne enn venninna hennar.

Utdrag av videosamtale mellom drapsoffer og ektemann

Utdrag av samtalen mellom drapsofferet og ektemannen.

Tiltalte om stedottera: Ho lyg altfor mykje

Etter at Tirhas vart funnen drepen i april, vart ei av døtrene spurt om forholda i heimen i Trondheim. Det skjedde i tilrettelagd avhøyr på barnehuset. Her kom det fram at Tirhas hadde snakka med dottera om sambuaren.

Delar av barneavhøyret vart spelt av i retten. Det er tidleg i avhøyret at dottera på elleve år fortel om ein samtale med mora der ho seier:

– Dersom eg blir sjuk eller døyr, så er det NN (fornamn på tiltalte red.anm) si skuld.

Dottera er ikkje tiltalte sitt biologiske barn. Ho kom til Noreg eit halvt års tid før mora vart drepen. Tiltalte nektar for å ha noko med drapet å gjere.

I retten onsdag kommenterte han påstandane frå stedottera i avhøyret:

– Jenta lyg alt for mykje, sa han og avviste at det var nokon konflikt mellom han og sambuaren.

2000 skritt på helseappen på natta

Siste livsteikn var telefonsamtalen med venninna og ein SMS til ei anna i 21-tida fredag 27. mars. Tiltalte har forklart blodfunna i stova og i bilen med at sambuaren skar seg på eit glas og blødde. Det er ikkje funne skjereskadar på liket som kan stamme frå glas.

Påtalemakta meiner tiltalte drap Tirhas med kniv og bar henne ut i bagasjerommet på bilen same natta. Bilen er sett på kamera i 0130-tida køyrande ut og inn frå parkeringa på taket i burettslaget.

Helseappen på telefonen til Tirhas viser nesten 2000 skritt, eller 1,3 kilometer, frå 22-tida til klokka 0230 på natta.

Helseappen til den drepte i Trondheim

Helseappen på mobilen til den drepne viser om lag 2000 steg i tidsrommet politiet meiner ho vart drepen.

Ein slik app registrerer ikkje berre steg ein går, men all rørsle mens ein har telefonen på seg.

Forsvarer Ole Magnus Strømmen seier til NRK at dette stadfester forklaringa til tiltalte om at sambuaren var oppe fleire gonger i løpet av natta. Dessutan at Tirhas også var ute og henta noko i bilen ifølgje tiltalte.

Lite negativt å seie om paret

Fleire vitne i retten onsdag vart spurte om tilhøvet mellom paret. Bortsett frå den omtala episoden fredag 27. mars, fortalde kjenningar om eit par som såg ut til å ha det godt i lag.

Handveska og mobilen til avdøde vart funnen på eit busstopp ikkje langt frå heimen på Flatåsen 4. april. Den vart innlevert på butikken, som 8. april kontakta politiet.

Det var dagen etter at Tirhas vart funnen i Trolla og sambuaren sikta same kvelden. Då hadde det gått halvanna veke sidan ho forsvann.

Tiltalte hadde sletta mange meldingar frå mobilen sin, men dei vart attfunne på mobilen til den drepne. Også venninna hennar som tiltalte hadde kommunisert med, leverte telefonen sin til politiet etter drapet.

Aktor ønskjer ikkje å kommentere betydninga av funna på helseappen før prosedyren.

Etter planen blir rettssaka avslutta torsdag.

Håndveska til avdøde Keffley

Handveska til avdøde vart funne på eit busstopp 4. april.