Hopp til innhold

Kortreist middag – tiur krasjlanda på verandaen til Svein

Først høyrde han eit skot, så eit til. Rett etterpå small noko i golvet på verandaen til Svein Saksen.

En død tiur krasjlandet på verandaen til Svein Saksen i Namsos.

SKADD FUGL: Tiuren har fleire skadar og Svein Saksen trur den er treft av eit skot.

Foto: Espen Sandmo / NRK

– Dette var ein veldig lettvint middag. Eg kunne ikkje fått det betre, ler Svein Saksen der han sit på verandaen sin i Namsos med ein død tiur i fanget.

Krasjlanda på verandaen

Den rundt tre kilo tunge tiuren kom dalande ned frå himmelen rett etter at Svein hadde gått inn i huset.

– Eg sat på stolen og så høyrer eg først eit skot frå utpå myrene. Så kjem det endå eit skot. Eg går inn for å sjå TV. Ikkje mange sekund etter høyrer eg eit veldig dunk på verandaen.

– Hunden begynner å kjefte noko veldig og eg reiser meg for å sjå kva det var og der ligg det ein tiur, fortel Saksen.

Ingen saknar tiuren

Tiuren har enten landa på taket og ramla ned eller så har den krasjlanda rett på verandaen.

Ingen har etterlyst den, men den er truleg skadd av eit skot, meiner Svein.

Han fortel til Namdalsavisa at fuglen har fått seg ein skikkeleg trykk i brystet og at nebbet var skadd.

No er tiuren godt plassert i frysaren og der blir den liggande fram til den blir eit herremåltid.

– Eg har alt ein som er utstoppa, så eg nemnde for dottera mi at ho kunne få denne og lage middag av fuglen.

Endre Alstad

Dette er veldig spesielt meiner fylkessekretær i Nord-Trøndelag jeger- og fiskerforbund, Endre Alstad.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Er ikkje uvanleg

Ved jeger- og fiskerforbundets kontor i Nord-Trøndelag ler Endre Alstad godt når han får høyre historia. Dette er veldig spesielt, meiner fylkessekretæren.

– Eg synest det er kjempeartig at han har tatt vare på tiuren og skal bruke den som mat, seier Alstad som berre ein gong tidlegare har høyrd om noko liknande.

Men då var det snakk om ei rype som fall ned på verandaen ved ei hytte.

Det er heller ikkje uvanleg at ein fugl kan stivne når den blir skoten og segle langt før den fell i bakken. Det gjeld spesielt tiuren fordi den ofte sitt høgt i terrenget og kan sleppe seg utfor ei åsside, ifølge Alstad.

Når det gjeld tiuren i Namsos, så reknar Alstad med at jegeren trudde han hadde bomma og at fuglen hadde floge for godt. Difor var det bra Saksen fann den, slik at den kan bli ein god middag.