Hopp til innhold

Snart kan du sjå tyske soldatar på Gamle Bybro

Fleire trønderar får del i ein storproduksjon denne våren, då Trondheim skal forvandlast til eit nazi-okkupert område. Byen skal brukast som location for ein ny, britisk spelefilm.

Gamle Bybro, Bybroa vinter Trondheim

Dette er ein av fleire kjente stader i Trondheim sentrum som vil bli brukt under innspelinga av storfilmen 'The Bird Catcher'.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

– Det er ein veldig dramatisk film som handlar om ei jødisk jente på flukt, fortel produksjonsleiar Bente Maalen.

Året er 1942, og Tyskland har okkupert Norge. 14 år gamle Esther er hovudpersonen i den britiske spelefilmen "The Bird Catcher", som handlar om henne og livet på flukt. Det er ein rein fiksjonsfilm, men Maalen fortel at manuset til ein viss grad er inspirert av sanne hendingar.

– Ikkje alle locations er spikra endå, men det meste av handlinga vil gå føre seg på ein litt aude gard. Filmen vil bli spelt inn i Trondheim, og noko av handlinga kjem til spelast inn på kjente område i sentrum. For eksempel Gamle Bybro, Bakkelandet og Kalvskinnet, seier Maalen.

Nidarosdomen stenges i forbindelse med Statsakten på Akershus (1942)

Dette bilete er frå Domkirkegården i Trondheim, 1. februar 1942.

Foto: Svein Andresen / Trondheim byarkiv

Skandinavisk og trøndersk

Innspelinga av dramafilmen vil starte i mars, og skal produserast av det britiske selskapet Motion Picture. Regissøren Ross Clarke har mellom anna regissert "Desiree" og "Skid Row", med skodespelarar som Joseph Morgan og Pras Michel. Det trønderske produksjonsselskapet Film in Norway vil ta del i innspelinga av den nye spelefilmen, og Maalen skryt over crewet som skal vere med.

– Dei fleste i crewet er norske, og det blir mange trønderske filmarbeidarar.

Bente Maalen

Bente Maalen, produksjonsleiar frå Film in Norway.

Foto: Film in Norway

Originalmanuset er laga av norske Trond Morten Kristensen, men det er skrevet på engelsk for å nå eit internasjonalt publikum. Når det kjem til skodespelarane er Maalen løyndomsfull, då ho kan ikkje røpe noko namn.

– Det einaste eg kan sei er at det er snakk om skandinaviske skodespelarar, og dei aktuelle ansikta er ikkje heilt ukjende. Det er jo ein stor produksjonsfilm, vertfall i norsk skala.

Maalen tippar at filmen vil vere klar for visning i 2018, og ho seier at Motion Picture absolutt siktar seg inn på kinomarknaden.

Veldig spennande

Birger Vestmo

Birger Vestmo i Filmpolitiet.

Foto: Nyhetsspiller

Birger Vestmo i filmpolitiet synast det er veldig spennande at Trondheim blir brukt til eit slikt prosjekt, og han er sikker på at byen er ein vellukka location for filmskaparane.

– Vi veit jo at byen har mange vakre fasadar og bygningar med mykje historie i seg, så eg er sikker på at filmskaparane vil finne mange eigna innspelingsstader for eit drama sett til denne tidsepoken, seier han.

Maalen er einig i dette, då ho meiner at mykje av byens busetnad frå før krigen er godt eigna for filmen. Ho meiner også temaet i filmen er viktig, sjølv om det ikkje er krig i Norge i dag.

– Med tanke på temaet flukt er det absolutt eit dagsaktuelt tema.