NRK Meny
Normal

Brannvesenet sikrar lause gjenstandar i Trondheim

Politi og brannvesen måtte søndag rykke ut fleire stadar i Trondheim for å sikre lause gjenstandar.

Brannvesenet sikrar lause takplater i Taraldsgårdsveita

Brannvesenet sikrar takplater i Taraldsgårdsveita i Trondheim.

Foto: Morten Andersen

- Det er eit ganske stort reklameskilt i blekk og veg sikkert mellom 100 og 150 kilo. Det har losna frå fasaden og kan gjere stor skade på både materiell og folk i den kraftige vinden, seier Ole Anders Holmvåg i Trøndelag brann - og redningsteneste.

Politi og brannvesen måtte rykke ut til fleire plassar i Trondheim søndag for å sikre lause skilt og plater. I Professor Brochs gate i Trondheim måtte brannvesenet sikre eit stort reklameskilt.

Lause skilt i Trondheim.

Politiet hjelper brannvesenet i Professor Brochs gate i Trondheim med sikring av lause skilt.

Foto: Morten Andersen

Sperra av gata

- Det viktigaste var å få sperra av gata før me byrja med sikring av skiltet. Det er eit stort vindfang og folk kan bli skadd, seier Holmvåg.

Brannvesenet sikrar eit laust reklameskilt i Trondheim

Brannvesenet sikrar reklameskiltet i Professor Brochs gate i Trondheim.

Foto: Morten Andersen
Øya helsehus

Brannvesenet måtte også rykke ut til Øya helsehus i Trondheim.

Foto: Morten Andersen
Brannvesenet sikrar lause skilt i Tondheim

Brannvesenet i Trondheim sikrar skilt og plater i den kraftige vinden.

Foto: Morten Andersen / NRK

Video fra Trøndelag

Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.
Cirka 8000 deltok i årets Pride-parade i Trondheim