Brannsjef Gunnar Aadne Solbakken er sjukmeldt etter hardt press den siste tida.
Brannsjef Gunnar Aadne Solbakken i Trondheim er sjukmeldt til over nyttår. Solbakken bekreftar at sjukemeldinga kjem av den harde kritikken etter storbrannen forrige laurdag.
Vi må nok ta noko av skulda, seier Stein Yttereng i Trondheim brannkorpsforning:
- Han har vore utsett for eit umenneskeleg press frå alle kantar, også frå brannkorpsforeningen. Eg forstår og har sympati for at det blir nok, og vi har stor sympati for mennesket Solbakken oppi dette. Det er rollen og funksjonen brannsjef vi har kjempa med og mot på brannstasjonen.
Trondheim brannkorpsforning har lenge vore skarp i kritikken mot brannsjefen:
- Jo, vi var skarp og vi har vore skarp over lenger tid. Tidspunktet for kritikken vår har vi tatt sjølvkritikk for og retta på. Vi har gjort det vi kunne for å rette opp dette, seier Yttereng.