– Vi er godt nøgde med resultatet, seier advokat Målfrid Ølberg. Ho representer Støvring. Ølberg har enno ikkje lese domen, men forstår at Mattilsynet får kritikk for måten dei har utøvd tilsynet ved garden på.
Konflikt med Mattilsynet i over ti år
Støvring har lege i konflikt med den tidlegare arbeidsgjevaren sin i 10 år. Mattilsynet ga henne mange pålegg om å utbetre forholda på garden i Melhus. Tilsynet meinte dyra fekk for lite vatn, mat, tilsyn og pleie. Støvring fekk ikkje medhald i tingretten om at tvangavviklinga var ugyldig. Tre månader seinare kom Mattilsynet og henta alle dyra: 200 høner, 30 kyr, 15 hestar, 100 sauer og 10 grisar.
Støvring anka domen i tingretten til Frostating lagmannsrett. Staten ved Regjeringsadvokaten var motpart då rettsaka gjekk i byrjinga av mars.
Delt syn på saka i lagmannsretten
Det var mange regelbrot på garden over lang tid, slår retten fast. Dyrehaldet vart dårlegare dei to siste åra før forbodet kom. Derfor var det naudsynt å gripe inn, står det i domen.
Men lagmannsretten er delt i synet på om forholda på garden var så alvorlege at drifta måtte avviklast. Fleirtalet, to av lagdomarane meiner avvika som Mattilsynet påpeika ikkje har vore så grove. Støvring har i lengre periodar vist at ho er i stand til å ta vare på dyrevelferden, står det i domen.
Å tvangsavvikle er svært inngripande og andre tiltak burde derfor vorte vurderte og prøvd først, meiner retten.
Lagdomaren i mindretal er samd i kritikken, men meiner Mattilsynet har eit visst rom for eige skjøn. Mindretalet meiner vedtaket om tvangsavvikling var gyldig.
Henrik Vaaler hos Regjeringsadvokaten var prosessfullmektig for Staten ved Landbruksdepartementet. Han viser til departementet for kommentar til domen.
Solørsaka i lagmannsretten neste år.
I Innlandet vann ein bonde i Solør i tingretten. Mattilsynet meinte storfebesetninga ikkje var registrert på rett måte slik at den kunne sporast. Dette gjekk utover dyrehelsa og mattryggleiken, meinte tilsynet. Besetninga vart avvliva og bonden tapte 10 millionar kroner. Oslo tingrett meinte Mattilsynet hadde tolka lova feil.
Mattilsynet har anka Solør-domen og saka skal opp i Borgarting lagmannsrett i februar 2022.