Hopp til innhold

Køyrde tærne i grasklipparen

Det kunne betydd slutten på karrieren for kombinertesset Magnus Moan då han i går klipte plenen heime på Byåsen i Trondheim.

Video Magnus Moan kjørte tærne i gressklipperen

– Flymoen er livsfarleg, seier Moan og viser oss grasklipparen som står i garasjen.

Sklei på plenen

Grasklipping og mannfolk kan vere ein uheldig kombinasjon, eller i alle fall noko ein skal vere forsiktig med.

For kombinertløpar Magnus Moan kunne det gått verkeleg ille då han skulle klippe plenen utanfor huset sitt.

– Eg køyrde flymoen fram og tilbake og akkurat då den var framfor meg, sklei eg og det nappa, slik det truleg gjer når jern treff bein, seier Magnus Moan til NRK.no.

Kunne vore slutten

Dagen derpå er Magnus Moan veldig glad for at ikkje heile karrieren rauk i går.

– Om storetåa hadde blitt tatt, hadde eg vore ferdig som kombinertløpar. Det er ein veldig ekkel tanke å tenkje.

For ein skal ikkje undervurdere verdien av lå ha lange tær i kombinertsporten.

– Eg tok ein OL-bronse og ein verdscupsiger i Lahti på at eg har lange tær, så tærne er viktige å ha, seier Moan med eit smil.

Han må no halde seg i ro og ikkje trene på tre veker.