Hopp til innhold

Blå veljarar er mot privatisering

Høgre og Frp sine veljarar i Trondheim er mot privatisering, sjølv om det er ein av fanesakane til dei borgarlige.

Video nsps_upload_2009_9_3_18_22_13_649.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

700 trondheimarar er spurd i målinga som seier at 60 % av veljarane til Høgre og Framstegspartiet er i mot sal av statlige verksemder. Den same tendensen gjeld for veljarane til alle parti.

Ikkje partisk

Rune Olsø frå Arbeidarpartiet er godt nøgd med resultatet.

- Eg les at Høgre og Framstegspartiet er i utakt med veljarane nå dei vil selje viktige ressursar ut av landet, seier han.

Og meiningsmålinga er bestilt av nettopp Arbeidarpartiet. Olsø meiner at det ikkje er noko problem at Ap står bak undersøkinga.

- Dette er jo ei heilt nøytral måling som er utført på same måte som dei ville gjort for alle andre.

Men Framstegspartiet er ikkje einig i at målinga er uavhengig, sjølv om den er gjennomført av Sentio, som er eit marknads og meiningsmålings-institutt som har gått ut av NTNU.

Bestillingsverk

- Olsø lagar stadig undersøkingar, og får stadig dei resultata han er på utkikk etter. Det er avhengig av måten han stiller spørsmåla på. Det er jo eit bestillingsverk, seier andrekandidat for Framstegspartiet i Sør-Trøndelag Tord Lien.

60 % av Høgre og Frp sine veljarar går altså mot privatisering i meiningsmålinga. Høgre stiller også spørsmål ved gjennomføringa, men tek likevel målinga på alvor.

- Om vi er på kollisjonskurs med veljarane er jo det eit signal, seier Lars Tvete i Sør-Trøndelag Høgre.