Hopp til innhold

Billettar til studentfestival utselde i rekordfart – fører til fleire svindelforsøk

Studentar er desperate etter å få tak i konsertbillettar etter halvtanna år med pandemi. – Kjøp billettar frå folk du kjenner, seier ekspertar.

Gjenåpning av Norge – studentene jubler

FULL JUBEL: Studentfestivalen «UKA» i Trondheim kunne gå som planlagt då gjenopninga etter pandemien var eit faktum. Her feirar studentane gjenopninga av landet laurdag 25. september i år.

Foto: Mathias Lunde Kristoffersen / NRK

Konsertar og andre sosiale arrangement er sårt etterlengta. Spesielt blant studentar.

Det fekk «UKA»-festivalen i Trondheim merke godt. Det har vore ein enorm pågang i år. Billettane til fleire av dei største arrangementa vart utselde på rekordtid.

Studentfestivalen har no sett ei tredobling av pågangen frå folk som ynskjer billettar, samanlikna med 2019.

Arif på Samfundet under UKA

PÅ KONSERT IGJEN: Artisten Arif på Studentersamfundet i Trondheim 07. oktober under årets «UKA».

Foto: foto.samfundet.no

Perfekt timing for gjenopning

– Vi har absolutt merka på billettsalet at studentar gjerne vil vere med på noko sosialt igjen. Det er rekordpågang, fortel «UKE»-sjef Max Meinich.

«UKA» er Noregs eldste og største studentveke. Den har blitt arrangert annakvar haust sidan 1917, med unntak av krigsåra. 2000 frivillige studentar står bak om lag 200 arrangement.

Timinga for gjenopninga av landet kunne ikkje ha vore betre for studentfestivalen – som no går over tre veker.

– Det har vore eit enormt trykk på billettsalet. Vi trur det handlar om gjenopning, seier pressesjef, Frida Jerve.

Pressesjef Frida Jerve og UKE-sjef Max Meinich utanfor Studentersamfundet i Trondheim

SAMFUNDET: Pressesjef Frida Jerve og «UKE»-sjef Max Meinich utanfor Studentersamfundet i Trondheim, der mange av «UKA» sine arrangement føregår dei neste vekene.

Foto: Marita Solheim / NRK

Byttehandel av billettar

Men det er eit problem: Fleire kjøper billettar til arrangement dei ikkje har planar om å delta på, for å selje billettane til andre.

I Facebookgruppa «UKA-21 kjøp og salg» er folk desperate etter å få tak i billettar, eller å bytte billettane til andre arrangement dei vil delta på.

– Eg skjønar veldig godt at folk er frustrerte over å ikkje få billettar. Vi har hatt nokre arrangement som har vore sinnssjukt populære. Det er ein liten bismak med det, seier «UKE»-sjefen.

Fleire rapporterer om svindel og svindelforsøk – eit kjent problem på Facebook.

– Vi synest det er veldig synd med billettsvindel på Facebook. Vi har gjort tiltak for å unngå det. Mellom anna ved å avgrense talet på billettar kvar enkelt kan kjøpe til dei store arrangementa vi veit er veldig populære, fortel Jerve.

Slik unngår du svindel

Meinich fortel at dei oppretta Facebookgruppa for å kunne ha meir kontroll over billettsal som føregår på Facebook. Dei synest det er vanskeleg å kontrollere det, men dei kastar ut personar i gruppa som dei får rapportar på.

– Ein bør kjøpe billettar frå folk ein kjenner. Ein bør også prøve å verifisere at dei Facebookprofilane ein ser er ekte, seier Jerve.

IT-ekspert Torgeir Waterhouse i rådgjevingsselskapet Otte seier at enkelte svindlarar kan vere enkle å avsløre, medan andre kan vere veldig vanskeleg å avsløre.

– Det viktigaste for å unngå å bli svindla er å sjekke ut Facebookprofilen. Ser dette ekte ut? Både namn, språk og korleis vedkommande framstår må vurderast, oppfordrar han.

Waterhouse synest det er bra at «UKA» tar grep med ei eiga Facebookgruppe. Men han åtvarar likevel om at det kan vere vanlege, ekte profilar som vil svindle folk.

Svindelforsøk

SVINDELFORSØK: Ikkje lenge etter at journalisten (som også er desperat student) spurte om billettar, tikka denne meldinga inn i innboksen. Legg merke til klokkeslettet 04:41. Det er eitt av fleire teikn å sjå etter for å avsløre falske kontoar.

Foto: Skjermdump frå Facebook Messenger onsdag 13.10.2021, kl. 10.51

Palmesus: – Kjøp frå folk du stolar på

Også festivalen Palmesus i Kristiansand har opplevd trøbbel med billettsvindel på svartebørsen.

– Etterspørselen etter billettar overstig kapasiteten på strandfesten, og det fører til eit press for å få tak i billettar gjennom andre kanalar, seier dagleg leiar, Leif Fosselie.

Leif Fosselie, leiar i Palmesus

PALMESUS: Dagleg leiar Leif Fosselie i Palmesus, fortel at dei har forsøkt å stenge Facebookgrupper der folk prøver å få tak i Palmesusbillettar.

Foto: Palmesus

Han fortel at det finst ei Facebookgruppe for kjøp og sal av Palmesus-billettar med over 17.000 medlemmar. I motsetning til «UKA»-festivalen synest han det er dumt med slike grupper.

– Vi har fleire gonger forsøkt å få stengt denne og andre tilsvarande grupper. Det er ein kanal for svindlarar, der dei lett får tak i billettkjøparar som er villige til å ta sjansen på at det dei kjøper er ekte.

Han synest det er problematisk at Facebook «såpass enkelt» fasiliterer denne typen svindel.

– Dersom folk ikkje rekk å få tak i billettar til arrangement, og «må» kjøpe via andre, bør det vere frå folk dei kjenner og stolar 100 prosent på. Kjøp ALDRI billettar på nettet via Facebookgrupper og liknande, understrekar Fosselie.

«UKE»-sjefen fekk heller ikkje billettar

Jørgen Sollie har skrive eit debattinnlegg om byttehandelen av billettar i studentavisa Under Dusken.

«Hvorfor tolerer UKA at det i praksis har oppstått en parallell byttehandelsøkonomi med billettene deres?»

Han kallar det «UKE-paradokset»: Alle billettane er utselde, men ingen har eigentleg billettar, skriv han.

– Vi har vurdert ulike strategiar for å selje billettar. Det er viktig at billettane er tilgjengeleg for alle, og at ein ikkje må vere på ein fysisk stad til eit bestemt tidspunkt for å få billett, seier Meinich.

Han deler frustrasjonen med studentar som ikkje har fått tak i billettar.

– Eg sat sjølv klar til å få billettar, men fekk ingen av dei eg hadde mest lyst å vere med på.

UKE-sjef Max Meinich og pressesjef Frida Jerve, UKA i Trondheim

REKORDPÅGANG: Ikkje alle fekk billettar til «UKA». Både «UKE»-sjef Max Meinich og pressesjef Frida Jerve oppfordrar folk om å kjøpe billettar frå folk ein kjenner.

Foto: Marita Solheim / NRK