Fleire med ugyldige billettar måtte snu i døra: – Billettsvindel er eit aukande problem

2. juledag måtte mange snu i døra på utestaden Larris i Førde. – Kjøp billettar av folk du stolar på, oppfordrar hotelldirektøren.

Larris Scene

POPULÆR UTESTAD: Utestaden Larris på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mellom 30 og 40 personar blei stoppa i døra på veg inn til den utselde 2.juledagsfesten på «Larris» i går kveld.

Det var Firda som omtalte saka først.

– Kjedeleg å avvise folk i døra

Odd Erik Gullaksen er hotelldirektør ved Scandic Sunnfjord Hotel der utestaden «Larris» ligg. Han synest det er svært trasig å avvise folk med falske billettar i døra.

– Det var lite diskusjon. Folk aksepterte det og snudde, fortel han.

Det var totalt 1200 selde billettar til arrangementet. Gullaksen fortel at dei har hatt problem med billettsvindel tidlegare. Det skjedde mellom anna på 90-talsfesten tidlegare i haust.

– Enkeltbillettar kan ha blitt vidaresendt fleire gonger, eller så er det nokon som dessverre har blitt lurt til å kjøpe falske billettar, forklarar Gullaksen.

Odd Erik Gullaksen

HOTELLDIREKTØR: Odd Erik Gullaksen ved Scandic Sunnfjord Hotel oppfordrar folk til å kjøpe billettar av vener eller kjende som dei stolar på.

Foto: Elias Håvarstein / NRK

– Kjøp billettar av folk du kjenner og stolar på, oppfordrar hotelldirektøren.

Marte (22) var nær å bli svindla

Billettsvindel på Facebook er eit stort problem for mange store festivalar og konsertar.

Marte Hove Haugen (22) fekk tak i billett til festen på «Larris» gjennom eit Facebook-innlegg ho la ut etter at arrangementet var utseld.

– Eg veit at det er mange falske profilar på Facebook som prøver å selje billettar, seier ho til NRK.

Det var like før ho kjøpte billett frå ei dame med falsk profil. 22-åringen oppdaga at profilen var falsk då ho såg at den var registrert i desember, og at kvinna kravde betaling gjennom betalingstenesta PayPal. Derfor takka ho nei.

– Det er viktig å sjekke at det er ein ekte person du kjøper billett med, seier ho.

Falske profilar på Facebook

Før konserten med Mark Knopfler i Ålesund i sommar åtvara Norske Konsertarrangørar (NKA) mot falske profilar på Facebook.

– Dette er svindel, skreiv fleire personar i kommentarfelta.

Tone Østerdal i Norske Konsertarrangørar fortel at billettsvindel særleg er eit problem på populære konsertar og store arrangement som fort blir utselde.

Tone Østerdal er seksjonsleder for kultur i Akershus

Tone Østerdal oppfordrar folk til å vere forsiktige med å kjøpe billettar av andre enn konsertarrangøren.

Foto: Akershus fylkeskommune

– Folk kjøper falske billettar på nettet. Billettsvindel er eit aukande problem, seier ho.

– Kva forholdsreglar bør ein ta?

– Det er så enkelt som at den einaste du kan stole på er billettoperatøren sjølv, fastslår ho.

Ho etterlyser gode moglegheiter for vidaresal av billettar i Noreg, som sikrar at ein kan vere heilt sikker på at billetten er ekte.

– Vi veit at det er ein del falske profilar der ute. Dersom profilane ser litt «shady» ut, kan det vere greitt å ta forholdsreglar.