NRK Meny
Normal

Erfaren basehoppar slapp med skrekken

Den erfarne basehopparen Ingar Strand frå Verdal i Nord-Trøndelag slapp med skrekken da han vart hengande i fjellveggen i Snillfjord laurdag.

Basehopper Ingar Strand, Verdal

Her kikar Ingar Strand inn i mobiltelefon-kameraet og ned i steinura nedunder. Laurdag 7. mai vart ein dag han kjem til å minnast.

Foto: privat sjølvportrett under ulykke

Det kunne gått riktig gale.

Denne fine laurdagen i Trøndelag i middagstida, stod verdalingen på toppen av fjellet Midgarden i Snillfjord, på grensa mot Orkdal i Sør-Trøndelag. Saman med ein kamerat skulle han kaste seg utfor det stupbratte fjellet, slik han så ofte hadde kasta seg utfor bratte fjell før. Heile sitt vaksne liv har han dreve med dette. Å risikere livet.

Men denne gongen gjekk ikkje alt etter planen.

Med kameraten gjekk det fint, med denne dagen var det ikkje dagen for Strand. Han kom for nære inntil fjellet. Enda han freista sparke seg utover, med lang erfaring som hoppar, gjekk det riktig gale. I god høgd over steinura nedanfor vart han dinglande i fallskjermen, med ein feiande reklame for Rosenborg på, RBK.

Hang i fallskjermen i fire timar

Der, i loddrett posisjon, vart Strand hengande, med den dels øydelagde RBK-reklamen over hovudet som einaste feste til framleis å vere i live, og bakken langt, langt nedunder, midt i synet.

Strand er ein av dei godt røyde basehopparane her i landet. Til no har han 670 fly- og basehopp, og frå dei fleste fjell som egner seg til basehopp har hatt sett utfor.

Men denne gongen enda hoppet på sjukehus, etter at hjelpa kom og fikk han laus.

Redningsaksjon Midgarden, Snillfjord 7. mai 2016

Ein dramatisk redningsaksjon vart sett i gang for å få laus den forulykka basehopparen frå Verdal.

Foto: Ole Martin Wold / NTB/Scanpix

På dramatisk vis vart han løyst frå hengekøya si, med hjelp på ei alpin klatregruppe som vart henta opp med luftambulansen frå Møre og Romdal, fordi redningshelikopteret ikkje ville risikere å gå så nære inntil fjellveggen som dei måtte for å få han laus frå lufta.

Dyktige redningsfolk

Men berga han gjorde dei i fellesskap, redningspersonell og klatregruppe som tok seg ned frå toppen av fjellet utpå ettermiddagen.

Da hadde Strand henge der i skjermen, og brukt tida til å ta selfie til facebook-sida si, som han la ut så snart han var nede.

Facebooksida til Ingar Strand 7. mai 2016

Slik omtala Strand ulykka kort tid etter at han var redda ned frå fjellet.

På facebookprofilen sin skriv han seg altså Ingar "Karsk" Strand. Tobarnsfaren er formann i Verdal Karsk og Base, og kva dei driv med går fram av namnet.

På St. Olavs Hospital konstaterte dei beinbrot ved kneet, men det kunne gått langt verre. Han vart lagt på vanleg avdeling.

Video fra Trøndelag

Midtnytt
Jens Kvernmo får fisk i forteltet sitt. Se serien på NRK1 tirsdager klokken 20.25