Hopp til innhold

Bankvikaren handla for 175 millionar kroner med skyhøg risiko

Mesteparten av underslaget på om lag 75 millionar kroner overførte tiltalte til meklarhuset IG Europe i Tyskland. Ved å satse pengane fleire gonger kjøpte han finansielle produkt for i alt 175 millionar kroner.

Sparebank 1 Midt-Norge.

TURBOTRADING: Tiltalte forklarte måndag at han dreiv med såkalla turbotrading eller turbosertifikat på norsk.

Foto: Johannes Børstad / NRK

– Dette har ikkje mykje med investeringar å gjere. Det er mest gambling.

Det sa professor i samfunnsøkonomi Snorre Lindset om aksjehandelen til tiltalte.

Den tidlegare bankvikaren var utleigd frå Manpower til Sparebank 1 SMN.

Han har erkjent straffskuld for underslag på om lag 75 millionar kroner.

Les også Let som han skulle teste systemet – svindla banken for 75 millionar kroner

Sparebank 1 SMN Trondheim

Turbotrading

Tiltalte forklarte måndag at han dreiv med såkalla turbotrading eller turbosertifikat på norsk.

Verdipapiret som ein kjøper kan ein vedde på om går opp eller ned. Det kan til dømes vere ein aksje, valuta eller oljeprisen.

Han satsa med såkalla «giring» der risikoen aukar dess høgare giringa er.

Tiltalte brukte ofte ei giring på 70–80.

Professor Snorre Lindset ved NTNU, institutt for samfunnsøkonomi

Professor i samfunnsøkonomi Snorre Lindset meiner handlingane til tiltalte minner mest om gambling, ikkje investering.

Foto: Kari Sørbø / NRK

– Dei største innskota skjedde dei siste dagane før underslaget vart oppdaga. Tapa var store. Det viser at risikoen er svært høg, sa Lindset.

Han er oppnemnd som sakkunnig for retten og har gått gjennom tiltalte sine kjøp og sal i IG Europe.

I løpet av ein månad gjennomførte tiltalte tre tusen transaksjonar.

På spørsmål frå forsvarer Christian Wiig om tiltalte kunne ha overført gevinstar frå IG-handelen til skjulte konti, svarte Lindset at det er ikkje mogeleg å sjå.

Tiltalte sa i retten at han ikkje har gøymt unna pengar.

Kontoutskrift viser at IG Europe 11. januar overførte 20 millionar kroner til kontoen som tiltalte hadde i Danske bank.

Kontakta av IG Europe fleire gonger om pengeopphavet

IG Europe kontakta tiltalte på e-post for å få dokumentert kvar pengane han handla med i IG kom ifrå.
Tiltalte la ved utdrag frå kontoutskriftene sine og skreiv mellom dette 9. januar 2023:


Hei, akkurat pengene i forhold til innskudd til dere er greit beskrevet i kontoutskriftene under
hvor opphavet til disse pengene er en kontokreditt i sparebank1 som videre er overført til DNB
med kort som slutter på .........er også samme opphav men er da konto i danske bank. De
har litt innviklet system med kontoutskrift og jeg har bedt om å fått en, I mellomtiden legger jeg
ved bildet. Jeg har ca. en inntekt på 470 000 og alt av penger jeg reelt har er gjennom aksjer og
fond, men hovedsakelig lån/gaver eller forskudd på arv fra mine foreldre samt at min far da står
med sikkerhet på alt av eventuelle lån jeg har. Håper dette oppklarer alt.

Tiltalte i e-post til IG Europe 9. januar 2023

IG kontakta tiltalte fleire gonger seinare, til dei stengde kontoen hans 18. januar.

Kjende ikkje att sonen

Far til tiltalte fekk vete av den dåverande sambuaren til tiltalte at han hadde underslått pengar frå banken.

17. januar besøkte derfor faren sonen i heimen hans.

– Han var ikkje til å kjenne igjen, sa faren.

Sonen fortalde at han hadde underslått 16 millionar kroner. Han ville at faren skulle kontakte lege og advokat, noko han gjorde.

Faren forstod også på sonen at han hadde fått ein e-post frå banken som viste at banken var klar over underslaget.

Derfor tok ikkje faren kontakt med politiet.

Aktor Reberg Nessimo spør om sonen sa noko om pengane var ført tilbake, Faren svarer at det fekk han inntrykk av. Men legg til at han hugsar dette dårleg.

Banken melde saka til politiet 19. januar.

Patologisk spelegalskap

Etter at faren hadde besøkt sonen viser kontoutskriftene at sonen den 17. januar underslo i alt 30 millionar kroner frå SMN.

7,5 millionar av dette underslo han etter at faren hadde gått.

–Hadde du førestilt at han skulle halde fram med dette etter at du gjekk, spør medforsvarer Jasmin Gheshlaghi.

–Nei, han var stiv som ein stokk, han skalv, det var nesten ikkje lyd i han då eg drog, svarte faren.

Etter eit par veker i varetekt var han i seks veker innlagd på psykiatrisk akuttavdeling.

Medisineringa der hjelpte sonen og han går framleis på antidepressiva. Han får også behandling for speleavhengigheita.

Då tiltalte var innlagd på psykiatrisk akuttavdeling våren 2023 fekk han diagnosen patologisk spelelidenskap, forutan angst- og tilpassingsforstyrringar.

Les også Banktopp i SMN: Tiltalte manipulerte både system og kollegaer

Trond Søraas