Hopp til innhold

Let som han skulle teste systemet – svindla banken for 75 millionar kroner

Vikaren svindla banken for om lag 75 millionar kroner medan han var på jobb i Sparebanken 1 SMN.

Sparebank 1 SMN Trondheim

GROVT UNDERSLAG: Bankvikaren er tiltalt for å ha underslått om lag 75 millionar kroner frå Sparebank 1 SMN i Trondheim.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

19. januar blei ein vikar i Sparebank 1 SMN sikta for grovt underslag og kvitvasking av pengar.

16. januar sa han opp jobben for å fokusere meir på studia sine.

Tiltalte skreiv i ein e-post at han ville kome innom banken for å levere PC og avslutte pågåande saker.

– Eg hugsar ikkje akkurat kva eg tenkte i starten av underslaget. Mykje av det er veldig tåkete og noko hugsar eg ikkje i det heile tatt, seier tiltalte i retten.

Vikaren studerte til å bli dataingeniør, og har ein bachelor i økonomi og administrasjon frå før.

Men korleis kunne det skje at ein bankvikar kunne svindle banken for 75 millionar kroner?

Les også Bankansatt innrømmer underslag og hvitvasking i bank i Trondheim

Sparebank 1 Midt-Norge.

Starta eit «prosjekt» for å teste systemet

Mannen i 20-åra er tiltalt for å ha underslått nærmare 75 millionar kroner. Underslaga skal ha skjedd mellom 16. desember 2022 og 19. januar 2023.

Han hadde stort sett heimekontor då han gjennomførte underslaga, anten i eiga leilegheit eller på reise i Portugal og Paris.

Tiltalte forklarar i retten at det heile var på grunn av at han var speleavhengig.

Eg hadde eit problem med speling og var veldig langt nede då det skjedde, seier tiltalte i retten.

Same dag som han begynte å overføre pengar frå banken sine kontoar starta tiltalte eit «prosjekt» for å teste systemet og korrigere feil.

Men det var ingen andre som visste om dette «prosjektet».

Han overførte pengar frå kontoar med null eller mindre enn null i saldo og markerte overføringane med «test overførsel egen konto», «test overføring» og «overførsel intern konto test».

Opphavleg trur eg det berre var for å merke det med eit eller anna. For å kunne halde på eit par dagar med speling, seier han.

Vikaren la samstundes inn interne notat der han skreiv at det var ein test for å sjå om overføringane blei korrigert. Han skreiv at han ville sjekke kva konsekvensane kunne bli.

Tiltalte seier i retten han ikkje manipulerte systema på andre måtar enn å skrive at det var ein «test».

Logg frå bankvikar som er tiltalt for underslag av i underkant av 75 millionar koner. Bilete er ein skjermdump frå eit internt loggsystem i banken.

Tiltalte la inn kommentarar til overføringane i eit internt notatsystem for å forlenge tida han haldt på med speling og underslag.

Foto: politiet

Det gjekk seks alarmar i banken

I same periode som tiltalte overførte i underkant av 75 millionar kroner gjekk det seks alarmar i banken sitt anti kvitvasking-system.

– Banken dumma seg ut fordi dei ikkje følgde opp seks alarmar, seier forsvarar til tiltalte, advokat Christian Wiig, i rettssaka.

Den fyrste alarmen gjekk 22. desember. Det vart stilt spørsmål ved kvifor tiltalte skulle teste ei slik overføring og korleis det i det heile tatt var mogeleg.

I fem av alarmane blei det konkludert med at alt var ok og at det ikkje skulle settast i gang tiltak.

3. januar fekk tiltalte ein e-post frå Sparebank 1 SMN der han blei beden om å forklare og grunngje overføringane.

17. januar gjekk siste alarm. Då blei saka merka med høg sensitivitet og ei forventning om at dette blei tatt vidare med næraste leiar og HR.

Og to dagar seinare blei han meldt til politiet.

Eg trudde eg kom til å bli tatt etter eit par dagar. Eg trudde ikkje det å skrive test var nok til å kome unna med. Sidan avdelinga eg jobba på ikkje haldt på med testar, seier tiltalte.

Grovt underslag, kvitvasking og bruk av falskt dokument

Enkeltoverføringane frå banken sine kontoar til tiltalt sine eigne kontoar varierte frå 10 000 kr som minste sum til 22 500 000 kr.

Deretter blei pengane overført kontoar i inn- og utlandet som tiltalt disponerte. For dette er han tiltalt for grov kvitvasking. Dette er tiltalte usikker på, men trur han er straffskuldig.

Fleire av dei involverte bankane spurde kvar pengane kom frå og då heldt tiltalte igjen opplysingar for å skjule at dei kom frå eit underslag.

– Eg ville forklare kvar pengane kjem frå på ein annan måte enn å seie at dei kom frå eit underslag.

Samstundes seier han at han ikkje strategisk ville skjule underslaget.

– Val av bankar i overføringane var av praktiske orsakar og ikkje for å skjule kvar pengane kom frå, seier tiltalte i retten.

Aktorar i saka, politiadvokat Ole Andreas Aftret og statsadvokat Eli Reberg Nessimo.

Aktorar i saka er politiadvokat Ole Andreas Aftret og statsadvokat Eli Reberg Nessimo

Foto: Bent Vidar Lindsetmo / NRK

Tidlegare var han også sikta for å ha svindla sambuaren sin, men dette har partane ordna opp sjølve. Bankvikaren er likevel tiltalt for bruk av falskt dokument, noko han erkjenner straffskuld for.

I retten tok det 15 minutt å lese den omfattande tiltalen.

Speleavhengig

Tiltalte forklarar i retten at han var speleavhengig. Han seier det har vore eit problem i om lag 2,5 år.

– Eg hadde også ein episode på vidaregåande, legg tiltalte til.

To rettspsykiatrisk sakkunnige har undersøkt tiltalte. Dei meiner han har patologisk spelelidenskap, forutan angst- og tilpassingsforstyrringar, opplyste aktor i retten måndag.

– Eg starta med fond, som gjekk over til aksjar, så til day trading og så finansielle instrument.

På grunn av dette hadde han både eit forbrukslån og eit lån hos sambuaren på den tida. Til saman var låna på rundt 500 000 kroner.

Då begynte han med underslag for å vinne tilbake pengar han hadde tapt gjennom investering i finansielle instrument. Dette var investeringar med høg risiko. Høg risiko for å tape heile innskotet.

Desse investeringane kallar tiltalte for speling i retten.

Eg trur at spelinga auka og auka for å tene inn pengar som var tapt gjennom perioden. Gjennom perioden sleit eg også veldig mykje med sjølvmordstankar. Eg hadde ingen planar om å overleve underslaget.

I forklaringa si seier tiltalte at han ikkje slit med sjølvmordstankar no, men at han framleis er deprimert.

– Eg må ta den straffa eg får, og så få gjort noko nyttig medan eg prøver å kome meg tilbake til samfunnet.

Rettssaka går føre seg frå måndag 4. desember til fredag 8. desember. NRK sine journalistar vil berre vere til stades i delar av rettssaka på grunn av delvis teieplikt.