Hopp til innhold

Åtvarar mot dårlege avhøyr av mistenkte barn: – Det er livsfarleg

Ekspertar på politiavhøyr, barn og strafferett, i og utanfor politiet, tar til orde for å betre rettssikkerheita til barn mistenkte for straffbare handlingar.

Avhørsekspert Asbjørn Rachlew.

BEKYMRA FOR AVHØYR: Avhøyrsekspert Asbjørn Rachlew oppfordrar politifolk om å vere ekstra varsame når dei skal finne ut om barn har gjort noko kriminelt.

Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

– Dei mistenkte barna har på ein måte falle mellom to stolar, seier politioverbetjent Asbjørn Rachlew.

Noregs fremste forskar på avhøyrsmetodar i politiet meiner dei er langt ifrå gode nok på å avhøyre barn som er mistenkte for å ha utført straffbare handlingar.

Han meiner ein på same måte som ved avhøyr av mindreårige som blir utsett for alvorleg kriminalitet, bør gje mistenkte barn særbehandling gjennom å avhøyre dei på såkalla barnehus og ved å bruke folk som er spesialistar til dette arbeidet.

– Den ordninga kan ikkje berre kome dei fornærma barna til gode, seier han.

For når dei mistenkte barna møter politiet for avhøyr, skjer det i motsetning til barn som er fornærma i straffesaker, som regel på politihuset der styrkeforholdet er ubalansert, fortel Rachlew.

Han åtvarar politifolk mot å stille leiande spørsmål og å legge press på barn om å forklare seg i ei bestemt retning.

– Det er livsfarleg, seier han, og forklarer det med at denne typen påverknad aukar sjansane for at barna gjev falske forklaringar.

Avhøyr av barn på dagsorden

Diskusjonen om avhøyr av mistenkte barn har igjen blitt aktuell gjennom en ny dokumentarserie fra NRK Brennpunkt om det såkalla barnedrapet på Tiller i Trondheim.

Tre barn på fire, fem og seks år fekk i 1994 skulda for å mishandla og forlate fem år gamle Silje Marie Redergård i snøen så ho døydde.

Dei som var sentrale i etterforskinga har ikkje ønska å medverke i dokumentarserien «Drapet i akebakken», som du kan sjå i NRK TV.

Fleire av ekspertane i dokumentaren svært kritiske til politiet sine avhøyr av barna dei først mistenkte og raskt peika ut som gjerningspersonar for 27 år sidan.

Internasjonalt politiproblem

– Å gjennomføre eit avhøyr er krevjande. Det er mykje som står på spel. Det kan vere veldig stressande, seier Gunn Astrid Baugerud.

Baugerud er førsteamanuensis i psykologi og barnevern ved Oslo Met. Både ho og Asbjørn Rachlew er begge sterkt kritiske til avhøyrsmetodane som vart brukte i etterforskinga av drapet av Redergård for 27 år sidan.

– Det er vanskeleg og krevjande å gjennomføre avhøyr. Dette er ikkje noko spesielt for norsk politi. Det er slik elles i verda og, seier Baugerud.

Derfor er det viktig at politifolk får etterutdanning og kontinuerleg trening i å gjennomføre avhøyr også etter avslutta utdanning.

Når presset aukar med tanke på å få den informasjonen ein treng, så aukar også sjansane for å trå feil, forklarar forskaren.

– Litt som med skytetrening, så bør politifolk trene regelmessig på å gjennomføre avhøyr for å få den responsen dei vil ha, seier Baugerud.

Etterforskingsleiar Sigrid Buseth i Kripos, har også nyleg skrive om rettssikkerheita til mistenkte barn.

«Sjølv om Noreg er komme langt i utviklinga av avhøyrsmetodikk, er mistenkte barn oversett, og Noreg lever framleis ikkje opp til internasjonale forpliktingar», skriv ho i ein kronikk på Politiforum.

Meiner barn er lett påverkelege

Rachlew, Baugerud og Buseth får støtte av leiaren for forsvarsadvokatane i Noreg i at rettssikkerheita til mistenkte barn må bli styrka.

– Eit barn vil raskt kunne innhente informasjon berre frå spørsmåla i eit avhøyr og formidle det som om det er noko barnet sjølv har sett eller opplevd. Det gjeld både når barnet er fornærma, mistenkt eller vitne, seier Marius Dietrichson, leiar av forsvarargruppa i Advokatforeningen.

Marius Oscar Dietrichson

Leiar av forsvarargruppa i Advokatforeningen, Marius Oscar Dietrichson.

Foto: Advokatforeningen

Krev advokat til mistenkte barn

– Ein må sjå at barn er ekstra sårbare i slike situasjonar enten dei er fornærma eller mistenkte. Barn treng ekstra tilrettelegging i desse situasjonane, seier Elin Saga Kjørholt, seniorrådgjevar i Barneombudet.

Dei meiner mistenkte barn bør ha rett til å ha med seg ein advokat under politiavhøyr.

– Det er kjempeviktig at barnet får tilrettelagt og tilstrekkeleg informasjon om kva som skjer, og at dei har nokon som forstår dei og som kan vareta rettigheitene deira. Vi meiner at desse barna skal ha med seg ein advokat, seier Kjørholt.

Sjå dokumentarserien «Drapet i akebakken» av NRK Brennpunkt:

Silje blir funnet død i akebakken. Drapsalarmen går, og politiet lover en rask oppklaring.

Silje blir funnet død i akebakken. Drapsalarmen går, og politiet lover en rask oppklaring.

Politiet finner spor som peker mot Siljes lekekamerater. Men uavhengige eksperter oppdager i dag noe overraskende.

Politiet finner spor som peker mot Siljes lekekamerater. Men uavhengige eksperter oppdager i dag noe overraskende.

Når guttene avhøres, kommer det tilståelser. Hva skjedde egentlig i avhørsrommene?

Når guttene avhøres, kommer det tilståelser. Hva skjedde egentlig i avhørsrommene?

Riksadvokaten ber en ekspert gjøre nye undersøkelser i Silje-saken. Det han oppdager kan få store konsekvenser.

Riksadvokaten ber en ekspert gjøre nye undersøkelser i Silje-saken. Det han oppdager kan få store konsekvenser.