Hopp til innhold

Statsbygg droppar arkitektkonkurranse for arkitektskule – studentane reagerer

Trondheimstudentane sitt nye gigantbygg får kritikk før første spadestikk.

Masterstudentene Nora Oline Olden og Maren Haraldstad.

Nora Oline Olden og Maren Haraldstad trur Statsbygg utelukkar ein del nye tankar og idear ved å ikkje lyse ut ei tevling om kven som skal forme det nye camputbygget til NTNU i Trondheim.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

At Statsbygg ikkje vil ha arkitektkonkurranse om bygget som skal huse arkitektur, musikk, kunst og designutdanningane ved NTNU i framtida får fleire til å steile både i og utanfor verkstadane til arkitekturstudentane i Sentralbygget midt på «Stripa».

– Det er kjedeleg at det ikkje blir utlyst konkurranse når dei bygger eit bygg for oss, seier masterstudent i arkitektur, Nora Oline Olden.

Rektor, campusdirektør og fleire av professorane er einige med ho.

Også eit samrøystes formannskap i Trondheim vil ha arkitektkonkurranse.

Men det er Statsbygg som har den endelege makta i denne saka. Og arkitektstudentane er meir skuffa enn overraska over valet dei har tatt, fortel Simon Telle Brendmoe.

Valet om å droppe konkurransen er eit eksempel på ein trend der arkitektar blir fasen ut av byggprosjekt, og heller blir hyra inn som konsulentar, meiner han.

– Det er problematisk, seier Brendmoe.

Simon Telle Brendmoe

Simon Telle Brendmoe.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Stort bygg til mange milliardar

Det nye camputbygget skal vere rundt 30.000 kvadratmeter stort når det står ferdig rett ved Studentersamfundet i Trondheim, skriv Morgenbladet.

Heile campusutbygginga er på cirka 129.000 kvadratmeter og vil ha større volum enn det nye regjeringskvartalet i Oslo, opplyser Statsbygg til NRK.

Statsbygg reknar med at campusutbygginga vil koste rundt 11,9 milliardar kroner (2021-kroner.)

Eit raskt nettsøk viser at det er betydeleg meir enn den opphavlege prisen for Operahuset i Bjørvika i Oslo.

Både Operaen og det nye regjeringskvartalet hadde arkitektkonkurransar før bygging.

Så kvifor vil ikkje Statsbygg ta sjansen på dette, før dei bygger eit nytt campus, til arkitektstudentane i Trondheim?

Presisering: Etter publisering av denne saka gjorde Statsbygg NRK merksam på at vi blanda kostnadsramma for heile campus-prosjektet og bygningane som skal bli Senter for kunst-arkitektur og musikk i dette avsnittet. Dette har blitt presisert i teksten.

KAMD-utbygginga er eitt av fem delområde som skal bli bygde, det er heile campusprosjektet som har ei kostnadsramme på 11,9 milliardar.

Masterstudentene Nora Oline Olden og Maren Haraldstad.

Masterstudentane Nora Oline Olden og Maren Haraldstad

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Meiner arkitektkonkurranse fører til meir risiko

Når NRK spør Statsbygg kor mykje dyrare ein arkitektkonkurranse vil bli svarar byggherredirektør Marius Tunstad.

– Nokre hundre millionar ekstra.

Statsbygg meiner at ein arkitektkonkurranse ikkje er lurt på noverande tidspunkt i dette prosjektet, sjølv om dei ofte brukar arkitektkonkurransar, og har hatt stor suksess med det tidlegare.

– Etter fleire år med utvikling kan det auke risikoen i prosjektet no og påføre det kostnadar som kunne ha blitt brukt på å skape verdi og meir campus, seier Tunstad.

Han peiker og på at ein arkitektkonkurranse kan føre til at prosjektet tar lengre tid.

– Kvifor tenkte de ikkje på dette for fleire år sidan?

– Vi meiner at plan – og designkonkurranse ikkje gjev den styringa og den kontrollen som vi treng i eit design- og kostprosjekt som dette er, svarer Tunstad.

Simon Telle Brendmoe og medstudentane ved masterstudiet i arkitektur ved NTNU

Simon Telle Brendmoe og medstudentane ved masterstudiet i arkitektur ved NTNU diskuterer det nye skulebygget.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

– Forstår kvifor dei er konservative

Statsbygg vil altså unngå risiko, forseinkingar og spare pengar ved å droppe arkitektkonkurranse.

Er det eit argument studentane meiner er godt nok?

– Eigentleg ikkje. Sjølv om det er snakk om store pengesummar, og eg forstår kvifor dei er konservative, så er dette jaget etter pengar ein uting, seier masterstudent Brendmoe.

Å kutte kostnadar og unngå risikoen ved ein arkitektkonkurranse er likevel ikkje nødvendigvis svaret, meiner han.

– Betre bygg varer lengre, er meir berekraftige og er betre for samfunnet som heilskap.

Dagens bygg.

Sjå debatten om den nye arkitektskulen i Trondheim i Dagsnytt 18.

Einig i at konkurranse kan vere riktig

Statsbygg utelukkar ikkje at ein konkurranse kunne vore riktig val også i dette prosjektet.

– Det kan skape verdi. Eg er heilt einig i at det kan vere riktig, seier Tunstad.

– Men i dette tilfellet så føler vi at vi har veldig gode føresetnader for å adressere dei spørsmålet med dei interessentane og dei partane vi har om bord, og ikkje minst fagmiljøet på NTNU, forklarar han.

Vil ha fleire opne konkurransar

Masterstudentane trur arkitekturkonkurransar, gjerne av det opne slaget der studentar og mindre arkitektkontor og kan delta, kunne ha hjelpt Statsbygg å bygge eit enda betre bygg.

– Eg ser for meg at vi får fleire nye tankar og idear gjennom open konkurranse. Dei har nettopp bygd ein ny arkitektskule i Århus, der var det open konkurranse, seier Maren Haraldstad.

Lest denne? Skulle bli «Trondheims Dubai» – Har i stedet blitt kommunens hodepine

Gjerde på Grilstad Marina.