Hopp til innhold

Fann 3500 år gamle skattar av trekol og hol

Under eit lag matjord i Grong fann arkeologar restar av 3500 år gamle trehus frå bronsealderen.

Stolpehol

SPOR ETTER TREHUS: Her har det stått stolpar frå eit trehus i bronsealderen.

Foto: Jannika Grimbe

– Det er heilt sånn "wow!". Me har ikkje funne noko slikt i Nord-Trøndelag før, seier arkeologen Lars Forseth.

Han har funne restar av eit 3500 år gamalt bustadhus i Grong.

Saman med kollega Jannika Grimbe har han undersøkt fire fylte hol i bakken. Nedi dei fann dei restar av trekol og ein annan type sand enn den som er rundt hola. Det tyder på at det har stått stolpar frå eit trehus der.

– Det har truleg stått eit einskipa hus frå bronsealderen her. Det var eit bustadhus på 10-12 meter langt med eitt rom, seier Forseth.

Restane er sendt til datering til firmaet Beta Analytic i USA. Svara på prøvane kjem om to veker.

– Dette funnet er heilt unikt, seier Forseth.

Kokte vatn med stein

I tillegg har dei funne kokstein frå middelalderen i området. Det var steiner dei brukte til å varme opp vatn med.

På den tida hadde dei kokekar av materiale som ikkje tålte å stå over open eld, til dømes tre. I staden varma dei opp steinar over elden, og la dei så oppi kara med vatn. Slik fekk dei varma opp vatnet. Dette vart det slutt på på 16-1700-talet då dei fekk kokekar av jarn som tålte open eld.

– Funnet av kokstein viser at det sannsynlegvis var eit gårdstun her i middelalderen, trur Forseth.

Funnstaden på Bergsmo

MIDT I MARKA: Funnet vart gjort under eit lag av dyrka jord på Bergsmo.

Foto: Jannika Grimbe

Dyrka mark kan skjule skattar

Funna er gjort i området rundt Namsen Auto på Bergsmo i Grong. Grong kommune ynskjer å byggje ut området til næringsområde. Reguleringsplanane for alle slike utbyggingar blir sendte til arkeologar i Nord-Trøndelag fylkeskommune.

Ut i frå korleis området ligg til og andre kulturminner som er registrerte i nærleiken, vurderer dei om dei bør undersøkje området for arkeologiske funn før byggjearbeidet kan starte.

– Sidan det var dyrka mark i området, ville me sjå kva som låg under laga med matjord. Det var der me gjorde funna, seier arkeolog Jannika Grimbe.