Hopp til innhold

Åpnar vegane i Namdalen

Flaumen er på veg tilbake i Namdalen, og laurdag er det berre fylkesveg 411, Vikavegen, som framleis er stengt på grunn av flaum.

Hege Nordheim-Viken

Ordførar i Høylandet kommune, Hege Nordheim-Viken, bur sjølv i Vassbotna, som vart råka av flaumen.

Foto: Karin Jegtvik / NRK

Flom på Høylandet

Tidlegare i veka var det kun traktor som kunne komme seg fram i flaumområda.

Foto: Karin Jegtvik / NRK

Fylkesveg 17, både gjennom Vassbotna i Høylandet, og ved Skogmo i Overhalla, vart åpna laurdag formiddag.

Vikavegen til Vassbotna er framleis stengt, men vasstanden i Høylandsvassdraget er på tur ned, melder Høylandet kommune på heimesida si.

Veidekke vurderer stadig når Vikavegen kan bli åpna att.

Oppheva kriseleiinga fredag

Ordførar i Høylandet kommune, Hege Nordheim-Viken, er glad for at situasjonen har roa seg.

– Vi oppheva kriseleiinga i kommunen i går, da flaumen stabiliserte seg. Framleis er det ei grend som er isolert på grunn av flaumen, men dei kan komme seg fram med traktor sjølv om det står vatn på vegen, seier ho.

Nordheim-Viken rekner med at kommunen får ei stor oppgåve med å sjekke tilstanden på dei kommunale vegane når vatnet forsvinn.

– Det blir nok ein god del opprydding, både på vegane våre og dei fylkeskommunale vegane, seier ho.

Dramatisk i flaumområda

Flaumen kom onsdag denne veka, først steig Namsen, så kom dei mindre elvene i Namdalen.

Fleire vegar vart stengde, og folk vart isolert på grunn av flaumen.

Aller verst gjekk det ut over dei som bur på garden Rydningsodden på Høylandet. Dei var isolert på grunn av flaumen, og da dei skulle pumpe ut vatn frå kjellaren, tok pumpa fyr.

Huset brann ned til grunnen, paradoksalt nok måtte brannfolka bli frakta i båt for å komme seg til brannen.