Foto: Terje Bendiksby/Scanpix.
Før morgondagens hopprenn i normalbakke i VM er eitt namn på alle sine lepper, Tommy Ingebrigtsen. Både gamle trenarar, lagleiarar og hopparar har stor tru på at Ingebrigtsen kan vinne:
- Det ser unekteleg slik ut. Eg synest hoppinga hans nærmer seg noko som eg har sett ved eit par tilfelle før, og deå er det ingen som kan følgje han, seier Trond Jøran Pedersen.
- Det trur eg veldig gjerne, seier Torbjørn Yggeseth.
- Ja, viss han set nedslag kan han vinne, og dersom han hopper lengst vinn han i alle fall, meiner Espen Bredesen.
Lengst på trening
Tommy Ingebrigtsen hoppa lengst av alle på treninga før fredagens renn i liten bakke.
Ingebrigtsen hoppa 104,5 meter i 2. treningsomgang, og kunne med det droppe andre turen opp i tårnet. Han sikra dermed plassen sin på laget. Lars Bystøl var lengst i 3. omgang med 103 meter, mens Adam Malycz var lengst i 1. omgang med 102 meter.
Det norske laget blei tatt ut etter treninga og Sigurd Pettersen blei vraka frå laget.
Masse sjølvtillit
Tommy Ingebrigtsen synest det er artig å høyre at folk har trua på han. Og sjølv er han optimist før fredagens renn:
- Sjølvsagt trur eg at eg kan vinne. Eg har framleis det samme målet som eg sette meg før rennet i storbakken, og dersom eg er mellom dei ti beste er eg strålande nøgd, seier Ingebrigtsen.
- Tommy har ein vanvittig sjølvtillit og tryggleik i alt han gjer, så vi skal vere med å kjempe i morgondagens hopprenn i normalbakken, seier Jan Erik Aalbu.