Ola Morten Græsli
Ola Morten Græsli gjekk ut som nummer ni, 48 sekund etter leiiande Georg Hettich frå Tyskland, når langrennet starta klokka 13.00 i dag.
Etter det 7,5 kilometer lange langrenn hamna Græsli til slutt på ein sjuande plass. I mål var han 40 sekund bak vinnaren amerikanske Johnny Spillane. Nummer to blei franske Kevin Arnould, mens Ronny Ackermann frå Tyskland fekk bronse.
Hoppa godt
Under hopprennet landa Græsli på 120,5 meter, dette var åtte meter bak Hettich:
– Eg sleit litt på trening i går. Samstundes har eg heile tida vore veldig nær å få det til. Eg har hatt trua på at det skal gå, så det var veldig godt å få til eit bra hopp.
Græsli gjekk svært godt i normallangrennet forrige veke, og fekk 13.beste langrennstid:
– Eg kan gå endå fortare. Formen er bra og med gode ski, skal jeg kunne gå veldig fort, seier Græsli.
Petter Tande frå Byåsen hoppa berre 108,5 meter og låg på 32.plass etter hopprennet. Tande må gjekk ut to minutt etter Hettich. Han kom i mål på ein 24.plass.
Namn | Nasjonalitet | Lengde | Poeng | Differanse |
---|---|---|---|---|
Georg Hettich | GER | 128,5 | 127,2 | |
Ronny Ackermann | GER | 127,0 | 124,9 | 9 sek |
Matthias Menz | GER | 123,0 | 120,7 | 26 sek |
Johnny Spillane | USA | 124,0 | 120,3 | 28 sek |
Michael Gruber | AUT | 123,0 | 119,1 | 32 sek |
Jaakko Tallus | FIN | 122,0 | 118,9 | 33 sek |
Felix Gottwald | AUT | 122,5 | 118,5 | 35 sek |
Christoph Bieler | AUT | 120,5 | 115,6 | 46 sek |
Ola Morten Græsli | NOR | 120,5 | 115,1 | 48 sek |
Bjoern Kircheisen | GER | 121,0 | 114,7 | 50 sek |