Hopp til innhold

Alle nødetatar rykka ut til snøskred

Ein mann er henta ut frå eit snøskred i Meråker i Trøndelag.

– Redningshelikopter, luftambulanse og alle nødetatar er på veg, seier Lars Ole Øie ved 110-sentralen i Namsos til Adresseavisen som først melde om skredet.

Trøndelag politidistrikt melder så at ein mann er tatt av snøskredet. Han skal sjølv ha ringt politiet og varsla dei om det

– Han anslår at han vart med raset i cirka 70 meter, og var nedgraven i 20 centimeter snø etter fallet, seier politiets operasjonsleiar Kirsten Bergstrøm til Trønder-Avisa.

– Trur ikkje det er fleire i raset

Skredet gjekk i området ved Mannfjellet. Mannen har forklart at han skulle møte ein person på Mannfjellet då han vart tatt av raset. Personen er gjort greie for, men skal bli henta av redningshelikopter for å unngå nye ras.

Ifølge Bergstrøm er det ingen grunn til å tru at fleire kan vere tatt av skredet, men området skal bli sjekka.

Skredet skal ifølge Hovudredningssentralen ha gått i området Mannfjellet i Meråker.

Mannfjellet i Meråker

MANNFJELLET: To personar vart henta ut av eit snøskred ved Mannfjellet i Meråker.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Veit ikkje kor stort skredet er

Politiet veit ikkje kva for skader mannen har.

– Han sa at han var skada då han varsla om hendinga. Men no har vi nettopp fått melding frå Norsk Luftambulanse om at han er lokalisert og i ferd med å bli henta opp. Mannen skal ha vore i følgje med ein anna person som skal vere i god behald, seier Bergstrøm til NRK.

Politiet veit ikkje kor stort skredet er enno.