Hopp til innhold

Lademoendrapet: Vart knivdrepen mens ho låg på sofaen

Ein av dei to som er sikta for drapet på Cathrine Sand (39) avviser å ha noko med saka å gjere.

Krimteknikere undersøker boligen på Lademoen der det skjedde en grov voldsepisode søndag.

ÅSTADEN: Krimteknikere undersøker boligen på Lademoen der Cathrine Sand vart drepen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Sikta har forklart seg i fleire politiavhøyr om det som skjedde på Lademoen i Trondheim 27. oktober.

Sør-Trøndelag tingrett har no oppheva referatforbodet som pressa hadde frå fengslingsmøta, etter førespurnad frå Adresseavisen. Dermed kan NRK attgje forklaringar frå den eine sikta som har møtt der.

– Eg driv ikkje og drep uskuldige folk

26.november hadde han sete i isolat i ein månad sidan han vart fengsla første gongen like etter drapet.

I retten fortalde 38-åringen at han ikkje kjende den andre sikta, men vart med han heim. Han fortalde også kva han trudde vedkomande heitte, men det er ikkje det rette namnet på den andre sikta.

I fengslingsmøtet fortalde han at Sand låg på sofaen og at den andre sikta stakk henne med ein kniv.

– Eg driv ikkje og drep uskuldige folk, seier 38-åringen, som er prega av det han fortel.

Cathrine Sand (39) døde etter å ha blitt utsatt for grov vold i en leilighet på Lademoen 27. oktober 2019

DRAP: Cathrine Sand (39) døde etter å ha blitt utsatt for grov vald i ein leilighet på Lademoen.

Foto: Privat, via Trøndelag politidistrikt

Har fleire helseplager og funksjonshemming

Møtande forsvarer, Ole Andreas Aftret, spør om 38-åringen veit om andre enn den medsikta som kan ha noko å fortelje om det som skjedde, svarer sikta:

«Nei.»

Om å sitte på isolat så lenge seier han:

«Det er eit helvete. Eg har mareitt om natta om det som skjedde. Men eg har lagt alle korta på bordet».

38-åringen har fleire helseplager og må ha medisinar. Han har også ei funksjonshemming som han meiner utelukkar at han kan ha drepe kvinna.

Den andre sikta ikkje avhøyrt

Både 38-åringen og den andre sikta vart pågripne på åstaden kort tid etter drapet.

Den andre har ein dom frå Stavanger der han vart dømd til tvungent psykisk helsevern i 2017 etter å ha sett fyr på to hus.

46-åringen har også sete i varetekt sidan 29. oktober. Han er forsøkt avhøyrt av politiet, men utan hell. Rettspsykiatrar skal undersøke om han er strafferettsleg tilrekneleg. Etter det NRK veit, har det vore svært vanskeleg å få ein samtale med den sikta.

Han har heller ikkje møtt i fengslingsmøta.

To menn er siktet for forsettlig drap etter at ei kvinne døde av skader hun ble påført i dette huset.

GRANSKING: To menn er sikta for forsettlig drap etter at ei kvinne døde av skader hun ble påført i dette huset. Statens helsetilsyn granskar korleis St. Olavs hospital handterte den eine drapssikta (46).

Foto: Morten Andersen / NRK

Sjukehuset blir granska

Statens helsetilsyn granskar korleis St. Olavs hospital handterte den eine drapssikta (46). Sjukehuset er ansvarleg for behandling og oppfølging av mannen.

I slutten av august kræsja mannen ein bil inn i eit anleggsområde i Trondheim. Då hadde han 2,75 i promille. To månader seinare vart han altså sikta for drapet på Lademoen.

I januar er det planen at mannen skal møte i retten fordi statsadvokaten i Rogaland ber om forlenga tvungent psykisk helsevern på domen frå 2017.

Kan bli sett fri frå varetekt

Politiet har avhøyrt fleire vitne og samla inn videoopptak frå området for å danne seg eit bilete av kven som var i nærleiken av åstaden. Det har også vore ein rekonstruksjon av hendinga. Der var berre den 38 år gamle sikta med,sidan den andre ikkje var i stand til det.

Fredag skal det gjennomførast eit rettsleg avhøyr av 38-åringen i Sør-Trøndelag tingrett. Her får også forsvarer for den andre drapssikta høve til å stille spørsmål.

Om dette betyr at politiet ikkje vil be om ny varetektsfengsling av 38-åringen, ønskjer ikkje politiadvokat Hans Vang å svare på før fredag ettermiddag.