Hopp til innhold

Aksjon mot dårleg inneklima

Fleire hundre elevar i Trondheim aksjonerte i formiddag mot dårleg inneklima.

Elevdemonstrasjon Trondheim
Foto: Morten Karlsen / NRK

Store skular som Adolf Øyen, Brundalen, Ladejarlen og Katta deltok på aksjonen som starta klokka 1145 på Torvet i Trondheim.

Fleire hundre elevar samla seg rundt plakatar og under parolar med slagorda "Møkkete klasserom fører til pustevanskar" og "Klasseromsluft gjer deg søvnig". 

- Vi aksjonerer fordi rentekompensasjonsordninga er fjerna frå statsbudsjettet. SoriaMoria-erklæringa vedtok å vidareføre og styrke ordninga, men den er no avslutta to år før tida, seier elev ved Ladejarlen skole, Rachel Cornell, som er med å arrangere demonstrasjonen.

Lite oppussing framover

Tidlegare kunne fylkeskommunar og kommunar ta opp lån for å pusse opp skular, utan å betale rente for det. Den rekninga tok staten, men det lokalt berre blei betalt avdrag.

Elevane fryktar dette vil få store konsekvensar framover.

- Ingen skular kjem til å bli pussa opp dei neste to åra, med unntak av dei som har fått løfte om det, seier Cornell.

Sjuk av inneklimaet

Mange skular i Trondheim slit med dårleg inneklima. Det gjeld både ventilasjon, isolasjon og inventar. I tillegg er det muggsopp i fleire skular.

- Elevar får astma og om du stikk handa di opp i eit ventilasjonsanlegg blir den svart. I tillegg er det hol i veggar og tak og dårleg reinhald. Vi blir rett og slett sjuke av å på norske skular, seier Cornell.

Mus på Brundalen

På Brundalen videregående skole slit dei med dårleg inneklima. Elevane har store vanskar med å konsentrere seg, i alle fall på slutten av dagen kan elev Kjersti Bjørnevik fortelje.

- Klasseromma våre er altfor varme og altfor kalde. I tillegg er det mistanke om mus i skulen og hol i veggane, seier Bjørnevik.