Hopp til innhold

«Gullmannen» køyrde etter GPS: – Ikkje meininga å smugle

Tyskaren som vart stoppa med 11 kilo gullbarrar, køyrde etter GPS-en sin. Det var ikkje meininga å unngå grensekontrollen, seier advokaten hans.

Gullbeslag i Kongsvinger

Tyskaren som hadde dette gullet i bagasjeromet har ikkje høyrd noko frå politiet etter at han vart stansa i Innlandet for ein månad sidan.

Foto: Tolletaten

Etter ein månad, har tyskaren i 60-åra enno ikkje høyrt noko frå politiet.

I ei bygd i Trøndelag sit han og kona, utan gullet som skulle sikre dei i pensjonistlivet etter å ha selt huset i Tyskland.

– Han opplever det som veldig uoversiktleg. Det er dette dei har å leve for i Noreg, seier advokat Kristina Jørgensen til NRK.

Køyrde på GPS-en

Grenseovergang Kjerret.

Grenseovergangen ved Kjerret i Kongsvinger der tyskaren køyrde inn i Noreg med 11 kilo gullbarrar ein laurdag ettermiddag i februar.

Foto: Skjermdump/Google Maps

Mannen og kona hans vart stansa etter å ha passert grenseovergangen ved Kjerret i Kongsvinger kommune i februar.

Ein utanlandsregistrert bil over ein ubemanna grenseovergang gjorde tollarane mistenksame.

Dei stansa bilen og der fann dei 11 kilo med gullbarrar.

I Innlandet er det i alt 34 grenseovergangar til Sverige.

Mange nyttar desse vegane inn i Noreg når dei har noko å skjule. Med vekslande hell.

Kjerret er ein av mange ubemanna overgangar.

Den ligg på fylkesveg 1998 ved Skoglund i Kongsvinger.

Gullbeslag i Kongsvinger

Noko av gullet som Tolletaten fann i bilen til det tyske paret.

Foto: Tolletaten

Kvifor valde klienten din å køyre over ein ubemanna tollstasjon på ein dårleg veg med så mykje gull i bagasjerommet?

–Han køyrde etter GPS-en. Paret pleier å unngå hovudvegane når dei er ute på tur.

Det seier advokat Jørgensen som avviser at mannen freista å smugle gullet inn.

Jørgensen viser til at skjemaet for å registrere innføringa og betale det den kosta, låg utfylt i bilen, klart til å leverast til Tollvesenet.

Les også Stoppet bil med gull til en verdi av 9 millioner kroner

Stor gullbeslag på grensen i Kongsvinger

Stille frå politiet

Då tyskaren og kona vart stansa, forklarte dei tollarane situasjonen:

Gullet var kjøpt i Tyskland for pengane dei fekk etter å ha selt hus og eigendelar.

Dei hadde flytta til Trøndelag og skulle bu der.

–Flyttelasset deira var alt på plass i Trøndelag og alle papir var ordna, seier Jørgensen.

Tolletaten beslagla gullet som er verd 9 millionar kroner.

Paret fekk køyre vidare og saka vart meld til politiet.

No er den overført til Økokrimavdelinga i Innlandet politidistrikt, melder Glåmdalen som omtala saka først.

Seksjonssjef Kjersti Bråthen i Tolletaten har opplyst til avisa at det er moms på gullbarrar. Dersom gullet skulle ha vore innført lovleg, måtte mannen har betalt 2,25 millionar i moms.

Forsvarer Kristina Jørgensen i retten

Advokat Kristina Jørgensen seier tyskaren håper at han snart får forklart seg for politiet. (Biletet er tatt ved eit anna høve.)

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

No sit det tyske ekteparet i den nye heimen sin i Trøndelag utan gullet.

–Dei er fortvila over at dei ikkje har høyrt noko frå politiet.

–Vi har purra mange gonger om når klienten min blir innkalla til eit avhøyr slik at han kan forklare seg, seier advokat Jørgensen.

Mannen er heller ikkje sikta.

NRK har onsdag freista å få kontakt med rette vedkomande i Innlandet politidistrikt for å høyre kvar saka står.