Hopp til innhold

– Det ligg ein god del pengar der

Byåsen-kampen mot Stabæk i kveld kan vera avgjerande for sjansen til mesterligaspel. Dersom dei vinn kan det bli millionar meir i kassa neste sesong.

Camilla Herrem

Camilla Herrem og Byåsen-jentene kan ta eit viktig skritt mot mesterligaen dersom dei vinn i kveld.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Klokka 18 i kveld er det avkast mellom Stabæk og Byåsen i Nadderudhallen.

4. og 2.-plassen på eliteserietabellen møtest til semifinalen i sluttspelet, og dei spelar ikkje berre om heider og ære.

Klubben som vinn kveldens oppgjer og returkampen på søndag har truleg sikra seg plass i mesterligaen for kvinner i handball.

Det betyr mykje økonomisk.

– Det ligg vesentlege summar der, seier Torbjørn Balstad, dagleg leiar i Byåsen handball til NRK.no.

Håpar på millioninntekt

Han veit kor mykje mesterligainntektene betyr for klubbkassa.

– I fjor omsette me for ein million i mesterligaen, og då gjekk me ut i gruppespelet. Går me endå lenger, så har me mogelegheit til å tene vesentleg meir, seier dagleg leiar Torbjørn Balstad.

Han legg til at Larvik omsette for rundt sju og ein halv million kroner då dei vann mesterligaen i fjor.

– Dersom me går vidare til mellomspelet i mesterligaen, så skal me greie å doble det me omsette for i fjor, seier Balstad.

Har ikkje tapt mot Stabæk på ti år

Erkerival og serievinnar Larvik møter Storhamar i sin semifinale, og dersom Byåsen endar opp i finalen mot Larvik, er dei sikra kvalifisering til mesterligaen.

Ifølgje statistikken er mogelegheita for å komme seg til sjølve finalen stor for klubben frå Trondheim.

I løpet av dei siste ti åra har ikkje Stabæk vunne ein einaste gong mot Byåsen.

– Statistisk sett bør dette gå vegen for oss. Men så er det no slik at kampane må spelast først og alt er mogeleg. Stabæk har unge, talentfulle spelarar og dei har en del sesongar saman no. Dei byrjar å bli veldig godt samspelt og me skal ikkje undervurdere dei, seier Byåsen-trenar Valery Putans til Byåsen si heimeside.