Hopp til innhold

1800 hytteeigarar må betale ekstra skatt

Tydal innfører utvida eigedomsskatt, det bestemte kommunestyret torsdag. Det betyr at ikkje berre dei fastbuande, men òg hytteeigarane, må betale.

Kunstskyer over hytta i Tydal

Tydal er eit paradis for 1800 hytteeigarar, men no innfører kommunen eigedomsskatt, noko som ikkje er så populært.

Foto: Erwin Kleven

– Eit onde, men det er nødvendig, seier ordførar John Paulsby til Nea Radio.

– Det er ikkje muleg å utvikle bygda utan å skaffe oss inntekter og meir handlingsrom, seier han.

– No må vi prøve å sjå det positive; at vi truleg kjem styrka ut av situasjonen. Alle tydalingar og alle næringsdrivande skal få det betre ved at vi får handlingsrom til å utvikle bygda framover.

Skeptiske hytteeigarar

Det er 350 bustadhus og 1800 hytter og fritidshus i kommunen. Dei som er mest skeptiske til eigedomsskatt, er hytteeigarane.

Terje Barø er leiar i Sylsjøvegen hytteeierforening.

– Eg er ikkje imot eigedomsskatt, men når kommunen no innfører det, må dei legge meir til rette for oss som har hytter og fritidshus i Tydal. Dei må til dømes legge til rette for vatn og kloakk i større grad enn dei har gjort før, og legge planar for utbygging av hyttefelt. Infrastrukturen bør vere på plass før vi betaler, meiner han.

– Eg trur dei fleste av dei 1800 hytteeigarane vil sette seg imot å betale eigedomsskatt før dei får ta del i goda som pengane blir brukt til, seier Barø til NRK Trøndelag.

Vil satse meir på reiseliv

Ordførar John Paulsby seier at han føler at kommunen ikkje har tatt godt nok vare på hytteeigarane.

– Dei har kome hit gjennom dei siste femti år, og det har vore mange tiltak, men ikkje godt nok lagt til rette for hytteeigarane. Her er det eit stort potensial, seier ordføraren og nemner løypeanlegg på Stugudal som eit døme på kva kommunen kan bidra med.

– Eigedomsskatten skal brukast til utvikling og investering, og reiselivet er ein viktig del av det. No skal vi satse meir på reiseliv enn det vi har greidd å gjere før, seier John Paulsby til Nea Radio.

– Kan bli kroken på døra

Helge Kvithammer eig og driv Væktarstua Hotell. Han meiner det er ein urettferdig skatt, og er spent på kva grunnlag skatten vil bli rekna ut frå.

– Vil det vere marknadstakst, verdi- eller likningstakst? Eg kan få ekstrautgifter på alt frå 30.000 til 200.000 kroner, seier Kvithammer til NRK Trøndelag.

– Det kan bli kroken på døra for Væktarstua, seier han.

Han er overraska over at denne saka kom opp utan at politikarane har tatt kontakt.

– Væktarstua er den største private aktøren innan reiseliv her i kommunen, og det ville vore naturleg at nokon tok kontakt for å få vite kva konsekvensar ei innføring av eigedomsskatt vil ha for meg. Eg har ikkje høyrt eit ord, seier han.