Hopp til innhold

16-åring dømt for fyllekøyring med ulovleg elsparkesykkel: – Ei potensiell dødsfelle

Stjørdalingen køyrde ein privat importert elsparkesykkel, som har ein toppfart på 60 km/t. Politiadvokaten vurderte det som køyring i rusa tilstand med motorvogn.

Inntrøndelag tingrett i Steinkjer

DØMT: 16-åringen frå Stjørdal blei i Inntrøndelag tingrett dømt for å ha fyllekøyrt med elsparkesykkel. Den går tre gonger så fort som hastigheitsgrensa for elsparkesyklar i Norge.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Ein 16-åring frå Stjørdal i Trøndelag er dømt til betinga fengsel i 15 dagar, med ei prøvetid på to år, for å ha fyllekøyrt med elsparkesykkel.

Ein sein laurdagskveld i september køyrde 16-åringen ein elektrisk sparkesykkel med hastigheit over 20 km/t, til trass for at han var påverka av alkohol.

Han vart stoppa av politiet. Ei blodprøve som vart teken om lag tre timar seinare, viste ein alkoholkonsentrasjon i blodet på 1,09 promille.

Elsparkesykkelen blir rekna som moped – då den har ein toppfart på 60 km/t. 16-åringen hadde ikkje mopedførarbevis. Han må betale 3000 kroner i bot, og fekk sperrefrist på mopedlappen med 15 månader.

Elsparkesykkel

ELSPARKESYKKEL: Her er elsparkesykkelen 16-åringen brukte. Denne elsparkesykkelen har sete, men blir likevel ikkje definert som sykkel av Statens vegvesen.

Foto: Politiet

Elsparkesykkel eller moped?

For at ein elektrisk sparkesykkel skal kunne reknast som ein vanleg sykkel, og ikkje som eit motorkøyretøy, må den oppfylle fleire kriterium. Elsparkesykkelen må ha ei sperre som gjer at den ikkje kan oppnå høgare hastigheit enn 20 km/t med motorkraft.

Politiet opplyser at elsparkesykkelen som blei brukt i denne saka ikkje oppfyller krava. Det aktuelle køyretøyet var importert frå Sverige, ifølge politiet. Maksfarten er 60 km/t. Altså tre gonger så høgt som grensa i Norge.

– Regelverket er veldig tydeleg. Går hastigheita høgare enn det som er tillate, skal den registrerast som motorvogn, forklarar Annar Sparby, seksjonsleiar for etterforsking ved Stjørdal lensmannskontor.

Det er ikkje ulovleg å kjøpe slike elsparkesyklar, men bruken er ulovleg.

Ulike promillereglar for sykkel og motorkøyretøy

At den unge mannen har brukt ein ulovleg sparkesykkel, har vore vesentleg for utfallet av denne saka.

Dersom elsparkesykkelen hadde vore lovleg, altså karakterisert som ein sykkel, er det lite sannsynleg at han hadde blitt dømt for promillekøyring, ifølge politiet.

– Då måtte det i tilfelle gå på køyreåtferd, ved at han til dømes var til fare for andre, seier Sparby.

Stopper mange syklister

TYDELEG REGELVERK: Annar Sparby meiner regelverket for kva som er elsparkesykkel og kva som er motorvogn er tydeleg.

Foto: Nord-Trøndelag politidistrikt

Elsparkesykkel og andre små elektriske køyretøy er ikkje omfatta av vegtrafikklova § 22 som set ei grense på 0.2 promille for bruk av motorisert køyretøy i Norge.

– Politiadvokaten vurderte dette til å vere køyring i rusa tilstand med motorvogn, opplyser Sparby.

For sykling i rusa tilstand er det ingen promillegrense. Ifølge Statens vegvesen har åtte av ti sykla etter å ha drukke alkohol.

Det er verdt å merke seg at elsparkesykkel, sykkel og elsykkel er omfatta av vegtrafikklova § 21 som slår fast at det ikkje er lov å føre eit køyretøy når du er i ein slik tilstand at du ikkje er skikka til å bruke køyretøyet på ein trygg måte. Då kan politiet gripe inn.

Sparby oppfordrar eigarar av elsparkesyklar og elsyklar til å sjekke om topphastigheita er lovleg.

Ulovlege elsparkesyklar kan vere ei dødsfelle

– Ein elsparkesykkel som går så fort er ei potensiell dødsfelle. Både for personen som står på, og personar som kan risikere å bli påkøyrt.

Frode Tiller Skjervø

DØDSFELLE: – Elsparkesyklar som går fort kan vere ei potensiell dødsfelle, meiner Frode Tiller Skjervø i Trygg Trafikk.

Foto: Bjørn Solli / NRK

Det seier Frode Tiller Skjervø, regionleiar for Trygg Trafikk i Trøndelag. Han presiserer at han ikkje uttalar seg om den konkrete saka frå Trøndelag, men på generelt grunnlag.

– Det er veldig fort gjort at det skjer alvorlege ulukker når ein har både promille og ein trimma sparkesykkel.

Han meiner folk bør gå i seg sjølv, og tenke over kva som er greitt å gjere.

Forsvararen til 16-åringen opplyser til NRK at dommen ikkje blir anka, men ynskjer ikkje å kommentere saka ytterlegare.