Hopp til innhold

1500 grisar døde – bonden dømd til over to år i fengsel

Bonden er dømd for grovt overtramp av dyrevelferdslova.

Død gris i fjøs ved foringsautomat

1500 DØDE GRISAR: Politiet rykket ut til garden på Innherred i januar 2023, etter at ein nabo varsla om forholda i fjøset til bonden.

Foto: Politiet

Ein bonde frå Innherred i Trøndelag er dømd til fengsel i to år og fire månader etter at 1500 grisar døde på garden.

Mannen er dømd for brot på fleire punkt i dyrevelferdslova. Brota gjeld svikt i omsorg, tilsyn og stell.

I tillegg får mannen eit aktivitetsforbod. Det betyr at han ikkje kan begynne med dyrehald igjen, inntil vidare.

Bondens forsvarer, Tanja B. Henderson, seier straffa var som forventa.

– Han har det greitt. Den største belastninga har vore å gå og venta på at saka skal komme opp, og saka i seg sjølv. Det blir greitt å få ei avslutning på dette, seier ho.

Påtalemakta bad om at mannen skulle bli fengsla i to år og ti månader.

– Det er klart at dyrevelferdslovbrot i eit sånt omfang blir det reagert ganske strengt mot.

Det sa aktor i saka, politiadvokat Amund Sand, til NRK under rettssaka.

Døde grisar i grisefjøs.

Døde grisar i forskjellige nedbrytingsfasar blei funnen i heile fjøset til den tiltalte bonden. Mellom 15 og 50 grisar datt ned i ein gjødselkjellar og drukna.

Foto: Politiet

Les også 1500 grisar døde: – Eg gjekk ut i fjøset og lata som, seier tiltalte

Døde grisar i fjøset.

1500 døde grisar

9. januar 2023 rykka politiet og Mattilsynet ut til ein gard på Innherred i Trøndelag.

Der blei dei møtt av det dei trudde var 200 døde grisar. Etter ytterlegare etterforsking viste det seg å vere leivningar etter det dei anslår å vere 1500 grisar.

Ein er tydeleg mislukka i ein sånn situasjon, sa bonden i retten.

Dei siste månadane før det blei oppdaga fekk ikkje grisane mat og bonden var så å seie ikkje i fjøset.

Politiet meiner brota på dyrevelferdslova har ført til at 1500 grisar døydde ved garden.

Les også Har møttes til «grisekaffe» i 20 år: Vil forebygge dyretragedier

Charles Berg, grisebonde

Fleire var bekymra

På kvar sin kant var personar frå slakteriet, mattilsynet, felleskjøpet og ein nabo bekymra for korleis det eigentleg gjekk med bonden og grisane.

Men kvar for seg berre såg ein liten del av det store bilete.

Difor tok det over eit år frå den fyrste bekymringsmeldinga kom til det heile blei oppdaga.

Det er jo alltid eit tema i sånne saker at ein i ettertid ser at mange hadde flikar av informasjon, men kanskje ingen hadde heile bilete, seier Sand.

Døde griser etter dyretragedien på Innherred 2023
Foto: Mattilsynet

Det begynte med at grisane fekk raudsjuke og at det var vanskeleg å få bukt med sjukdommen.

I same tid begynte noko av innreiinga i fjøset å bli øydelagt. Alt dette gjekk ut over grisane, drifta og økonomien.

– Det blir for seint, og då spør du i alle fall ikkje etter hjelp, sa bonden i retten.

Men sjølv om fleire på utsida hadde sine bekymringar, tydeleggjer aktor i saka at det er bonden sitt ansvar å ta vare på grisane.

– Alt som går føre seg i produksjonen til dyrehaldar er dyrehaldar sitt ansvar.

Les også 1500 grisar døde: Mat­tilsynet drog på uventa besøk til bonden – gjekk aldri inn i fjøset

Død gris i fjøs ved foringsautomat